Oppgåver

Statens jernbanetilsyn skal vere ein pådrivar for trygg transport med tau- og kabelbaner.

Publisert: 26.08.2016   Endret: 20.04.2018

Statens jernbanetilsyn sine oppgåver når det gjeld taubaner, er å:

  • ha hovudansvaret for tilsyn med tau- og kabelbaner
  • vere ein pådrivar for trygg transport med tau- og kabelbaner
  • vere Samferdselsdepartementet sitt fagorgan og sakkunnig for kontroll og tilsyn med verksemd som kjem inn under taubanelovgjevinga
  • gje forskrifter og rettleiingar osb. og sjå til at krav er oppdaterte i samsvar med den tekniske utviklinga både nasjonalt og internasjonalt
  • gje driftsløyve til taubaner og kabelbaner
  • føre tilsyn og kontroll med at tau- og kabelbaneverksemd følgjer gjeldande lovgjeving, inkludert at personellet som blir brukt har dei naudsynte tryggleikskvalifikasjonane osb.
  • gjennomføre tilsyn med marknadsføring og bruk av tryggleikskomponentar og delsystem for tau- og kabelbaner
  • følgje opp ulukker og hendingar, både med og utan personskade
  • fastsetje vilkår for bygging og drift av tau- og kabelbaner
  • gje pålegg om korrigerande tiltak eller augeblikkeleg stans, eller tilbakekalling av driftsløyva
  • SJT krev inn gebyr etter gebyrforskrift for taubaner

Tilsynet sine oppgåver når det gjeld taubaner inkluderer ikkje ansvarsområde som høyrer inn under andre offentlege kontroll- og tilsynsorgan, som til dømes politiet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Arbeidstilsynet.

Fant du det du lette etter?