Klage på enkeltvedtak

Enkeltvedtak fatta av SJT kan klagast på av den som er part i saka, og av andre som har rettsleg klageinteresse i saka, jf. forvaltingslova § 28.

Kvar skal klagen sendast?

Ein klage skal sendast til SJT. Klagen kan sendast til post@sjt.no eller til vår postadresse:

Statens jernbanetilsyn
Postboks 7113 St. Olavs plass
0130 Oslo

Dersom SJT ikkje endrar eit vedtak etter å ha fått ein klage, sender vi klagen vidare til Samferdselsdepartementet, som er klageinstans for enkeltvedtak fatta av SJT.

Klagefrist

Fristen for å klage er tre veker frå tidspunktet då vedtaket blei tatt imot.

Merk at eit pålegg om å gi opplysningar ikkje blir rekna som eit enkeltvedtak, og har ein klagefrist på tre dagar.

Kven kan klage?

Rett til å klage på enkeltvedtak har den som er part i saka, og andre som har rettsleg klageinteresse i saka, jf. forvaltingslova § 28.

Rett til å krevje grunngiving

Dersom eit vedtak ikkje er grunngitt, kan det krevjast ei grunngiving før klagefristen har gått ut. Ny klagefrist blir då rekna frå den dagen den utfyllande grunngivinga blir tatt imot.

Innhaldet i klagen

I klagen må det presiserast

  • kva for eit vedtak det blir klaga på
  • årsaka til at det blir klaga
  • den eller dei endringane ein ønsker i vedtaket
  • eventuelt andre opplysningar som kan ha betydning for vurderinga av klagen

Klagen må vere underteikna av klagaren eller klagaren sin fullmektig, eller han må vere autentisert som fastsett i forskrift eller i medhald av forskrift, jf. § 15 a.

Utsetjing av gjennomføringa av vedtaket

Sjølv om det er rett til å klage på eit vedtak, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. Det er likevel mogleg å søke om å få utsett gjennomføringa av vedtaket, til klagefristen har gått ut eller til klagen er avgjord.