Årsgebyr og prisar for taubanar

Det blir kravd inn ei årleg avgift til Statens jernbanetilsyn frå alle taubanar med driftsløyve.

Gebyra i tabellen under er frå gebyrforskrift for taubaner, fastsett av Samferdselsdepartementet. ekstern lenke-symbol

Årsgebyr 2024

Taubane

Pris

Svevebanar

25 390,– 
Stolheis med faste klemmer med lengde mindre eller lik 400 meter  11 590,– 
Stolheis med faste klemmer med lengde over 400 meter 19 520,–
Godstaubanar 5 610,–
Skitrekk 13 600,–
Skitau 3 730,–
Skitrekk med lengde mindre eller lik 400 meter 7 360,–
Kabelbane 24 300,–

For taubanar som ikkje passar nokon av kategoriane, blir årsgebyret sett etter lengda på taubanen etter same satsar som skitrekk.

Dei som har driftsløyve per 1. januar skal betale for inneverande år. Dermed blir fristen for å levere inn driftsløyve 31. desember. Lever gjerne inn driftsløyvet så snart det er avklart at taubanen ikkje skal brukast det kommande året. Då kan vi oppdatere registera våre i god tid.

Dersom du leverer inn driftsløyvet så må du søkje på nytt dersom du vil ta han i bruk igjen seinare. Ein søknad fører med seg søknadsgebyr.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemelding om innholdet på denne siden.
Det oppstod en feil under henting av captcha-bilde