Kontroll og vedlikehald av taubane

Ei taubaneverksemd skal ha rutinar for kontroll og vedlikehald. Kontroll og vedlikehald skal utførast av kvalifisert personell.

Så framt det finst ei beskriving, skal dei som driv taubaneverksemd følgje beskrivinga til leverandøren av kontroll og vedlikehald og intervall for dette. I tillegg skal dei vurdere behov for meir vedlikehald eller kortare intervall enn leverandøren har tilrådd.

Dei skal fortløpande dokumentere kontrollane og vedlikehaldet dei utfører.

Reservedelar i taubanar

Viss dei skal byte ein tryggingskritisk komponent, er det viktig at den nye komponenten er lik den gamle.

Det er viktig å byte éin til éin viss dei skal byte tryggingskritiske komponentar, til dømes driv- og vendehjulakslingar og oppheng- og vippeboltar i rullebatteri. Det vil seie at komponenten dei set inn er lik den dei byter ut.

Den enklaste måten å komme dette kravet i møte på er å bruke originaldelar frå leverandøren.

Dersom dei ikkje byter med originaldelar, blir det ei endring av taubanen. Då skal dei sende melding om endring av taubane via eit skjema.skjema-ikon

Vesentleg endring krev sertifisering

Tryggingskritiske deler som ikkje blir byt éin til éin, er ei vesentleg endring av taubanen. Då må den nye delen vere sertifisert av eit teknisk kontrollorgan, NoBo (Notified Body), og ha ei samsvarserklæring frå deleleverandøren etter krava i taubaneforordninga. Dette skal sikre at dei tryggingskritiske komponentane har kvaliteten som er nødvendig for å vareta tryggingsfunksjonar i taubanen. Særleg gjeld dette eigenskapar knytt til styrke og utmatting.