Belastning av master og fundament

Ver merksam på kva belastning master og fundament blir utsette for når ei taubane blir halden ved like.

Det er plan- og bygningsstyresmaktene i kommunen som skal føre tilsyn med infrastruktur for taubanar. Det vil seie master og fundament. Styresmaktene vurderer om det kan vere formålstenleg at også tilsynet med infrastrukturen skal gjerast av oss i Statens jernbanetilsyn (SJT), men inntil vidare gjeld dagens regelverk.

Vi observerer likevel iblant master og fundament gjennom tilsyn med resten av taubanen. Avvik vi tilfeldigvis oppdagar ved stikkprøver av resten av anlegget, blir tekne opp med verksemda, men vi har ikkje myndigheit til å vedta utbetringar.

Vedlikehald kan føre med seg skade

Master og fundament er dimensjonerte for laster taubanen er utsett for under drift. Andre laster påført under vedlikehald kan føre til skade.

Vi er kjende med fleire taubanar der det har vore utført arbeidsoperasjonar som har ført til påkjenningar på strukturen som taubanane ikkje er berekna for. Til dømes har vaierar vorte oppspende i master som ikkje er berekna for slike krefter.