Hugs å søke om driftsløyve i god tid

Har du planar om å skaffe hoppeslott? Då er det smart å søke om driftsløyve i god tid før sesongen startar.

Alle hoppeslott med ei grunnflate større enn 10 kvadratmeter skal ha driftsløyve frå oss i Statens jernbanetilsyn. Frå tidspunktet då søknaden er komplett må du rekne med ei saksbehandlingstid på fire veker. Dersom du har planer om å skaffe eit hoppeslott kan det derfor vere ein god ide å sende inn søknad om driftsløyve allereie no.

Driftsløyve får du ved å søke hos oss. Når du søker må du setje deg inn i kva som er eit akseptabelt tryggleiksnivå, og du må kunne dokumentere at hoppeslottet ditt holder dette nivået. Pass særleg på at du får med rett og tilstrekkeleg dokumentasjon dersom du planlegg å kjøpe hoppeslott brukt eller frå utlandet.

Les meir om driftsløyve, og om kva som reknast som tilstrekkeleg dokumentasjon.  

Har du spørsmål som rører regelverket, dokumentasjon eller søknadsprosessen? Kontakt oss for å få hjelp før du kjøper hoppeslottet. E-postikon