Send inn rapport etter MIP

Kopi av rapport etter magnetinduktiv prøving og rapport om planlagde tiltak skal sendast inn til oss elektronisk så snart den er klar.

Publisert: 26.08.2016 – Endret: 20.04.2018

Skjema for rapport etter magnetinduktiv prøving

  • Du skal alltid sende inn rapport etter magnetinduktiv prøving – òg når det ikkje er funne skade på tauet. Du kryssar då av for «ingen tiltak nødvendig».
  • Fyll ut det elektroniske skjemaet over (krev innlogging).
  • Legg ved ein elektronisk versjon av rapporten til skjemaet før du sender det.

Bruk dette skjemaet for å sende inn rapport etter magnetinduktiv prøving. Skjemasymbol

Skjema for rapport etter gjennomførte tiltak

Dersom prøvinga viser at det trengst å gjennomførast tiltak, må du òg senda inn ein rapport om at tiltak er gjennomførte. Tiltak kan til dømes vere byte av tau.

Bruk dette skjemaet for å sende inn rapport om gjennomførte tiltak etter magnetinduktiv prøving. skjemasymbol

Kva må eg gjere for å få utført magnetinduktiv prøving?

Ta kontakt med eitt av firmaa på denne lista over inspeksjonsorgan som utfører magnetinduktiv prøving i Norge.

Ver tidleg ute med bestilling slik at organa har kapasitet til å betene deg også mot slutten av året. Gå gjerne saman med anlegg i nærleiken og bestill samla. Kostnadene kan bli lågare.

Når og kor ofte skal magnetinduktiv prøving av ståltau utførast?

Prøving av ståltau skal utføres i samsvar med krav gjevne i gjeldande standard «NS-EN 12927:2019 Sikkerhetskrav for taubaneinstallasjoner for persontransport – Tau».

Første magnetinduktive prøving av ståltau skal utførast etter montasje av tauet, men før taubanen blir sett i drift. Kravet gjeld både ved bygging av ny taubane, flytting av taubane, bytte av tau og ved innspleising av ny taulengde på eksisterande taubane.

Les kapittel 13.1 i standarden for å sjå hva som er maksimale intervallar for å utføre magnetinduktiv prøving av ståltau på ulike taubanetypar.

Kva dersom eg ikkje kan sende rapport og planlagde tiltak elektronisk?

Då kan du få rettleiing av oss på telefon 22 99 59 00.

Kva gjer tilsynet når dei mottek kopi av rapport og planlagde tiltak?

Vi vil sjå om det er samsvar mellom rapporten og planlagde tiltak.

Kva skjer dersom tilsynet ikkje mottek kopi av rapport og planlagde tiltak eller stadfesting på at tiltak er gjennomført?

Dersom du ikkje kan dokumentere at magnetinduktiv prøving er gjort og nødvendige tiltak er gjennomførte, kan det vere grunnlag for å påby at anlegget blir stansa inntil tauet er dokumentert i orden.

Vi oppmodar til å sende inn kopi av rapport og tiltaksplan så raskt som mogeleg for å unngå unødig påminning. Det same gjeld stadfesting på at tiltak er gjennomført.