SJTs rolle for passasjerrettar

Vi fører tilsyn med om persontransportselskapa (til dømes Vy og Flytoget) varetar jernbanepassasjerrettsforskrifta.

Publisert: 21.06.2022 – Endret: 21.06.2022

Forskrifta inneheld detaljerte føresegn om mellom anna:

  • informasjon til passasjerar
  • kjøp av billettar
  • vederlag ved seinkingar
  • assistanse for funksjonshemma og rørslehemma
  • standardar for kvalitet
  • krav om at togselskapa skal ha ein klageordning

Tre klagenemnder

Klager frå jernbanepassasjerar skal rettast til Transportklagenemnda.

Nemnda har tre klagenemnder:

  • ein for klager som gjeld jernbaneverksemder på det nasjonale jernbanenettet, kommersielle bussruter og kollektivreiser med trikk, buss, T-bane og bybane
  • ein for pakkereiser
  • ein for flypassasjerklager

Passasjeren må fyrst ta opp saka med transportselskapet (NSB AS eller Flytoget AS) før ein mogeleg (eventuell) klage til nemnda.

Klager kan du senda til:

Transportklagenemnda
v/ Norsk Reiselivsforum
Øvre Slottsgate 18-20
0157 Oslo
Tlf. 22 54 60 00 tysdag–torsdag 10–11.15 og 12–14.