Forsinkingar og innstillingar på jernbanen

Som passasjer har du i nokre tilfelle rett til erstatning dersom reisa er forsinka eller innstilt.

. Ein kan dele reglane for erstatning inn i to kategoriar:

  • Første kategori gjeld i tilfelle der du med rimelegheit kan vente å vere forsinka med meir enn 60 minutt når du kjem fram
  • Andre kategori gjeld refusjon av billetten dersom du er forsinka når du når ditt endelege reisemål. Forsinkinga blir rekna ut i frå skilnaden mellom faktisk og planlagd framkomsttid.

Du har ikkje krav på erstatning dersom forsinkinga eller innstillinga kjem av omstende som transportøren ikkje har hatt høve til å unngå. Skade som har sin årsak i passasjeren sjølv, tredjemann eller omstende som ikkje kan verta knytte til jernbanedrifta, vert ikkje omfatta av transportøransvaret.

Transportøren har ansvar for tapt korrespondanse berre i tilfelle der du har tinga heile reisa hos eit og same føretak.

Kva rettar har du dersom du kan forvente at reisa blir forsinka?

Passasjerrettane blir verksame i tilfelle der du med rimelegheit kan forvente at du er meir enn 60 minutt forsinka når du kjem fram til reisemålet. Forsinkinga kan skje før avreise eller under reisa. Når du rimelegvis kan vente ei forsinking, skal du som passasjer med ein gong få valet mellom:

a. refusjon av heile eller deler av billetten

  • for del av reisa som enno ikkje er gjennomført
  • for del av reisa som er gjennomført, dersom føremålet med reisa ikkje lenger er av interesse med omsyn til din opphavlege reiseplan. For dette tilfallet har du krav på ein returbillett til avreisestad ved fyrste høve.

b. framhald av reisa, eller omlegging av reisa på liknande reisevilkår

  • til endeleg reisemål ved første høve eller
  • til endeleg reisemål på eit tidspunkt etter ditt ønskje

Dine rettar når forsinkinga har skjedd

1. Du kan få erstatning for billetten

Dersom du, på tross av forsinkinga, vel å fortsette reisa, har du krav på erstatning frå jernbaneføretaket. Minste erstatningsbeløp for forsinkingar er:

  • 25 prosent av billettprisen for forsinkingar på 60 til 119 minutt
  • 50 prosent av billettprisen for forsinkingar på 120 minutt eller meir

Gjeld billetten også returreisa, skal du få erstatning opp mot halve billettprisen. Erstatning for billetter som omfattar fleire strekningar, reknast ut frå full pris. Du skal få utbetalt innan éin månad etter at erstatningskravet vart fremma overfor jernbaneselskapet.

I desse tilfella har du ikkje krav på erstatning: 

  • dersom erstatningsbeløpet er under 4 euro
  • dersom du har vorte informert om forsinkinga før kjøp av billetten
  • dersom du har reisebevis eller periodekort. Men ved gjentekne seinkingar har passasjerar med reisebevis eller periodekort krav på samhøvande erstatning

2. Du kan i nokre høve få assistanse

Jernbaneføretaka skal informere deg om forsinkingar og innstillingar så snart slik informasjon er tilgjengeleg. Ved forsinkingar på over 60 minutt skal du få tilbod om mat og drikke i rimeleg utstrekning. Jernbaneføretaka skal innkvartere og transportere deg til og frå overnattingsstad, dersom ei forsinking på over 60 minutt gjer det nødvendig med ein eller fleire overnattingar. Jernbaneføretaka skal også erstatte utgiftar du har med å informere personar som venter ved framkomststadet.

Dersom reisa ikkje kan gjennomførast i samsvar med opphavleg reiseplan, skal jernbaneføretaket organisera alternative transporttenester, slik at passasjerane kjem fram til endeleg reisemål.

3. Ytterlegare følger av forsinkinga

Forsinkingar kan ha omfattande følger for deg: hotellreservasjonar fell bort, eller du mister flyavgangar. Jernbaneføretaka har ingen plikt til å erstatta slike tap.