Funksjonshemming eller nedsett rørsle

Dersom du som passasjer har funksjonshemming eller nedsett rørsle, har du krav på viss tilrettelegging.

Dine rettar

Jernbaneføretak og stasjonsleiarar skal gi form til og etablere reglar for transport som ikkje diskriminerer deg som er funksjons- og rørslehemma. Dette skal gjerast i samarbeid med samskipnader som er representative for denne gruppa. Funksjonshemma og rørslehemma skal ikkje få ekstra kostnader ved kjøp av billett.

Spesielle vilkår for utferding av billett

Eit jernbaneføretak, ein billettutferdar eller ein reiseoperatør kan ikkje nekte å utferde billett til deg som er funksjonshemma eller rørslehemma. Dei kan heller ikkje krevje at du har med følgje som kan hjelpe deg. Unntaket er om dette er strengt naudsynt for deg. Dersom billett vert nekta utferda, eller at ein krev at du har med følgje, skal jernbaneføretaket, billettutferdar eller reiseoperatøren kunne grunngi dette skriftleg innan fem verkedagar frå nektinga skjer eller kravet om følgje stillast.

Du har krav på informasjon

Jernbaneføretak, billettutferdar eller reiseoperatør skal kunne informere om jernbanetenesta sin tilgjengelegheit, og om hjelpemidlar om bord i toga. Du skal også få informasjon om fastsette reglar for transport av funksjonshemma og rørslehemma.

Ved ubetente stasjonar skal det vera lett tilgjengeleg informasjon om næraste betente stasjon, og om tilgjengeleg assistanse til funksjonshemma og rørslehemma personar.

Togreisa skal bli tilrettelagd for deg

Jernbaneføretak og stasjonsleiarar skal sørge for at alle fasilitetar legg til rette for deg som er funksjonshemma eller rørslehemma, i samsvar med dei reglar som gjeld. Dersom det ikkje finst personell som kan sørge for assistanse om bord på toget eller på stasjonen, skal jernbaneføretaket og stasjonsleiaren treffa alle rimelege tiltak for å syte for at du har høve til å reise med tog.

Du har rett til assistanse

Jernbaneføretak og stasjonsleiaren skal tilby kostnadsfri assistanse ved påstiging og ved avstiging til deg som er funksjonshemma eller rørslehemma. Om bord skal du få assistanse slik at du har tilgang til på same tenester som andre passasjerar.

Assistanse er avhengig av at jernbaneføretaket, personell på stasjon eller reiseoperatør vert varsla 48 timar før avgang. Inneber billetten din togbyte undervegs, skal ei varsling vere nok, avhengig av at informasjon i høve med togbyte er rimeleg tilgjengeleg. Dersom slikt varsel ikkje vert gitt, skal jernbaneføretak og stasjonsleiaren jamvel treffa alle rimelege tiltak for at du skal kunne reise. Stasjonsleiar og reiseoperatør skal leggje til rette for enkel varsling ved behov for assistanse.

Dersom du for å få assistanse skal møte opp til eit avtalt tidspunkt for avreise, skal tidspunktet ikkje vere tidlegare enn 60 minutt før avreise eller før andre passasjerar må møte opp. Dersom det ikkje er avtalt tidspunkt for frammøte, skal du møte opp på stasjonen 30 minutt før togets avgang eller før dei andre passasjerane passasjerane må møte opp.

Skade eller tap av utstyr

Erstatningsansvar for heil eller delvis skade på eller tap av utstyr som blir brukt og tatt med av funksjonshemma eller rørslehemma passasjerar, kan ikkje avgrensast oppover.