Fareidentifisering for fornøyelsesinnretningar

Rettleiaren om fareidentifisering skal bidra til at verksemder med fornøyelseinnretningar legg relevante farar til grunn for risikovurderingar.

Sjå gjerne filmen om fareidentifisering før du les rettleiaren:

Bakgrunn

Alle verksemder med tilsynspliktige fornøyelseinnretningar skal ha eit tryggingsstyringssystem. Ein sentral del av tryggingsstyringssystemet er kravet til å registrere og følgje opp hendingar og ulykker.

Det er rapporteringsplikt til Statens jernbanetilsyn (SJT) av ulykker og alvorlege hendingar innan 72 timar og hendingar innan 8 dagar.

Ved å etablere rutinar for registrering og klassifisering av ulykker og hendingar vil verksemda ha eit verktøy for å kunne arbeide systematisk med oppfølging av tryggleik i eigen organisasjon. Samtidig gir det SJT eit analyseverktøy for å følgje opp tryggleiken i bransjen på eit overordna plan.

For å kunne ha ei effektiv risikovurdering er det viktig at det er ei felles forståing for fareidentifisering. Dette dokumentet er ein rettleiar i korleis identifisere aktuelle farar i samband med drift av fornøyelseinnretningar.

Omfang

Rettleiaren er ein «inspirasjonsliste» basert på hendingar som er rapporterte inn til SJTs UH-database og erfaringar frå tilsynsaktivitet. 

«Inspirasjonslista» er utforma som ein tabell med døme på kategoriarPDF-symbol

Ut over kategoriar har tabellen fire kolonnar:

  • I den første kolonnen blir gitt ei beskriving av faren.
  • Deretter blir det angitt kva for nokre uønskte hendingar denne faren kan forårsake.
  • I dei to siste kolonnane blir kontrollspørsmål presentert som kan vere til hjelp for å identifisere farar og å vurdere/handtere farane.

Rettleiaren er verken uttømmande eller bindande. Den representerer heller ikkje eit minstekrav for farar verksemder som driv med fornøyelseinnretningar må vurdere. Verksemda må utføre ei sjølvstendig fareidentifisering basert på verksemda si og eigen aktivitet.

Sentrale regelverkskrav

Kravet til fareidentifisering er forskriftsfesta i tivoliforskrifta. I forskrifta § 2-1 kjem det fram klart at verksemda har ansvaret for sikker drift, vedlikehald og kontroll på risikoar i samband med drift av fornøyelseinnretning.

I forskrifta § 2-11, om krav til tryggingsstyringssystem, blir det stilt krav til å gjennomføre nødvendige risikovurderingar. For at vurderinga av risikoen for verksemda skal gi verdi, er det heilt nødvendig at relevante farar er identifiserte, og at dei blir behandla på rett nivå i forhold til tryggingsstyringssystemet.

Identifisering av farar

I prosessen med å identifisere farar er det viktig at verksemda tek utgangspunkt i eigen aktivitet, organisasjon og eigne innretningar. Verksemda må identifisere farar som er relevante i eigen aktivitet.

Til dømes vil måten verksemda er organisert på, kva type fornøyelseinnretningar som blir nytta, kapasitet og plasseringa av fornøyelseinnretninga vere avgjerande for kva farar som er relevante. Ei god kjelde til informasjon om farar er verksemda sitt eige register over uønskte hendingar. Risikovurderinga gir liten verdi for verksemda viss ho blir for generell.

Tivoliforskrifta er eit nyttig verktøy i fareidentifiseringsprosessen. Forskrifta stiller tydelege krav til aktivitetane som skal utførast som ein del av det å drive fornøyelseinnretning, og er derfor eit godt utgangspunkt for å identifisere forhold som kan utgjere ein fare hos kvar enkelt verksemd.

For å få eit så rett bilete som mogleg av kva farar som til kvar tid er relevante, er det viktig at verksemda har gode rutinar for å rapportere farar eller observasjonar av situasjonar som kan utvikle seg til ein fare. Desse skal då takast med ved nye eller oppdaterte risikovurderingar.

Når farane er identifiserte er det klart for analyse av risiko knytt til kvar enkelt fare. Analyse av risiko er ein viktig prosess for verksemda, og den kunnskapen verksemda tileignar seg her må gjerast kjent for alt relevant personell. Resultat frå gjennomførte risikovurderingar, og då spesielt fareidentifiseringane, bør takast inn som ein del av opplæringa for verksemda og takast med i tryggingsstyringssystemet for verksemda.

Det er viktig at alle tilsette som jobbar med fornøyelseinnretningar er klar over si eiga rolle i å påpeike farar som dei opplever i løpet av arbeidsdagen sin. Dei bør bidra til at desse farane blir kommuniserte og behandla i tryggingsstyringssystemet.

Alle tilsette i organisasjonen har eit ansvar for å vere med å forbetre tryggleiken ved å melde inn og følgje opp observasjonane sine. Det er viktig at leiinga kommuniserer dette til alle ramma partar for å bidra til ein god tryggingskultur. Alle som jobbar i anlegget har ei rolle å spele i å utvikle eit godt tryggingsstyringssystem.

Farane for ei verksemd er aldri konstante. Kva farar som er relevante vil variere over tid, og verksemdene må systematisk oppdatere fareidentifiseringa si og sine risikovurderingar. Det vil vere naturleg å vurdere oppdatering av analysar og rutinar til dømes dersom det skal nyttast nytt utstyr, ombygging/flytting eller andre endringar som kan ha innverknad på risikoen.

Vanlege tilsynsspørsmål om fareidentifisering

Følgjande er typiske spørsmål som verksemda må forvente at SJT søkjer svar på i dokumentgjennomgang av styringssystemet eller i tilsynsintervju:

  • Korleis blir farar identifiserte, og på kva nivå?
  • Er det nytta personell med relevant kompetanse til oppfølging av fareidentifiseringa i forhold til tryggingsstyringssystemet?
  • Korleis blir farar identifiserte som det treng å knytast beredskapstiltak til?
  • Korleis blir identifiserte farar synleggjorde i verksemda (til dømes fareloggar, risikovurderingar, opplæringsplanar)?
  • Korleis blir fareidentifiseringa halden levande og kva skal til for at ho blir oppdatert?

Sjekkliste for hoppeslott

Bruk denne sjekklista for å vere godt førebudd når hoppeslott skal takast i bruk og kontrollerast når det er i drift.