Tilgang til serviceanlegg og tenester

Statens jernbanetilsyn (SJT) gjennomgjekk noverande og komande regelverk om tilgang til serviceanlegg og tenester under morgonmøtet 7. juni.

Publisert: 07.06.2017   Endret: 07.06.2017

Statens jernbanetilsyn (SJT) er marknadsovervakar på jarnbaneområdet i Noreg. SJT jobbar for sunn konkurranse og ein effektiv jarnbanemarknad. For å kunne ha konkurranse mellom fleire tilbydarar av jarnbanetenester, må tilbydarane blant anna ha tilgang til serviceanlegg på like vilkår. Regelverket er eit sentralt verkty for å få tilgangen til å fungere som forutsett.

Dagens og morgondagen sitt regelverk

I morgonmøtet gjennomgjekk SJT kva delar av jarnbanelova og jarnbaneforskrifta som er mest relevante for tilgang til serviceanlegg og tenester.

Eit meir detaljert regelverk er under utvikling i EU. Føremålet er å etablere klarere prosessar som fører til at aktørane i praksis får tilgang. SJT presenterte sentrale punkt frå det nye regelverket. I dag finst regelverket som utkast til ei gjennomføringsforordning frå EU-kommisjonen. Ei forordning er ei bindande rettsakt - også for EØS-landet Noreg.

Terminalar og prising

På morgonmøtet deltok også representantar for Bane NOR. Dei presenterte korleis Bane NOR har organisert drift av terminalane sine. Forretningsida er at «jarnbaneføretak, samlastere, vareeigarar og transportørar får løyst terminalbehova sine i samband med godstransport på ein sikker, kostnadseffektiv og miljøvennleg måte». Prising av tenester ved terminalane blei også gjennomgåtte.

Presentasjonar (PDF-filer)

Kemal Zulovic, rådgiver, SJT. Foto: Terje Owrehagen

Viktigheten av tilgang til serviceanlegg på like vilkår
Kemal Zulovic, rådgivar, SJT

Marte Fisknes, seniorrådgiver, SJT. Kristoffer J. Eikeland, seniorrådgiver, SJT. Foto: Terje Owrehagen Tilgang til serviceanlegg og tjenester etter jernbaneloven og jernbaneforskriften

Marte Fisknes, seniorrådgivar, SJT / Kristoffer J. Eikeland, seniorrådgivar, SJT

Kjell Ivar Maudal, leder Terminaler, Bane NOR. Foto: Terje Owrehagen Terminalkonsept
Kjell Maudal, leder Terminaler, Bane NOR
Gunnar Markussen, direktør, Økonomi/kunde og trafikk, Bane NOR. Foto: Terje Owrehagen Tjenestekatalog – implementering av ny forskrift og policy
Gunnar Markussen, direktør, Bane NOR