Høyring om forslag om endring i taubaneforskrifta

Høring åpnet: 13. november 2023 – Høringsfrist: 11. desember 2023

Om høringen

I juni 2023 blei det vedteke ei endring til taubanelova som medfører at Statens havarikommisjon skal vere undersøkingsmyndigheit for ulykker og alvorlege hendingar på taubaneområdet. Endringane i taubanelova trer i kraft 1. januar 2024.

Hovudomsynet bak endringa er å auke det overordna sikkerheitssnivået for taubanar gjennom undersøkingar av ulykker og alvorlege hendingar. Ved å finne fram til dei underliggjande årsakene bak ei ulykke eller alvorleg hending vil ein betre kunne førebyggje at liknande hendingar skjer igjen.

Statens havarikommisjon er frå før undersøkingsmyndigheit for ulykker og hendingar innan luftfart, jernbane, vegtrafikk, sjøfart og forsvaret.

Forslaget i høyringa gir endringar i varslings- og rapporteringsplikta i taubaneforskrifta for å leggje til rette for Statens havarikommisjon som undersøkingsmyndigheit.

Send inn høyringssvar i dette skjemaet. Skjemasymbol

Spørsmål om høyringa kan rettast til saksbehandlar Karoline Iversen HoltiE-postsymbol

Høringssvar

Vi har mottatt 4 svar per 11. desember 2023