Marknadstilsyn

SJT fører marknadstilsyn med produkt som samtrafikkomponentar på jarnbane og sikkerheitskomponentar på taubane for å følgje opp at produsentane varetek ansvaret sitt.

Publisert: 15.09.2016   Endret: 15.09.2016

Sentralt i EØS står prinsippet om «dei fire fridomane», det vil seie at det som hovudregel skal vere fritt varebyte over landegrensene, fri rørsleevne for arbeidstakarar, fritt tilgjenge for borgarar i eitt land til å yte tenester i eit anna, og fri rørsle av kapital.

Marknadstilsyn er å verifisere at ulike produkt er i samsvar med grunnleggjande krav i EU-direktiv. Slike produkt kan fritt omsetjast i heile EU/EØS-området. Produsentane sjølv skal forsikre seg om at produkta oppfyller dei grunnleggjande krava. Krava er melde i dei spesifikke direktiva. Ein måte å oppfylle krava på er å produsere i medhald av harmoniserte standardar.

SJT fører marknadstilsyn med produkt som samtrafikkomponentar på jarnbane og sikkerheitskomponentar på taubane for å følgje opp at produsentane varetek ansvaret sitt. Om vi finn produkt som ikkje oppfyller krava, kan vi krevje at produsenten gjer nødvendige endringar for at produktet skal oppfylle krava. I siste instans kan vi vedta at produktet skal trekkjast frå marknaden.

Meir om samtrafikkomponentar.

Fant du det du lette etter?