Magnetinduktiv prøving av ståltau (MIP)

Ståltau skal periodisk prøves magnetinduktivt eller med ein annan anerkjend metode.

Ståltauet i taubanen skal testast i tråd med krava i standarden NS-EN 12927 Tryggingskrav for taubaneinstallasjonar for persontransport – Tau.

  • Første testing skal bli utført etter montasje av tauet, men før tauet blir sett i drift. Dette kravet gjeld både ved bygging av ny taubane, flytting av taubane, byte av tau og ved innspleising av ny taulengde på eksisterande taubane.
  • Neste frist for magnetinduktiv prøving står i MIP-rapporten frå inspeksjonsorganet. Les i kapittel 13.1 i standarden for å sjå kva som er maksimalt intervall for å utføre MIP av ståltau på ulike taubanetypar.
  • MIP skal gjennomførast av akkrediterte inspeksjonsorgan. Her finn de ei liste over akkrediterte inspeksjonsorgan.
  • De skal sende rapport til oss i SJT kvar gong de har fått utført MIP – òg når det ikkje er funne skade på tauet. Bruk dette skjemaet, og legg ved ein elektronisk versjon av MIP-rapporten. Når vi får rapporten, vurderer vi om det er samsvar mellom funna i rapporten og tiltaka de skisserer.
  • Dersom de ikkje kan sende rapporten elektronisk, kontakt oss for å få rettleiing:
Kontakt Statens jernbanetilsyn
22 99 59 00 Mandag–fredag 9–15 post@sjt.no