ECM – eining med ansvar for vedlikehald

Eining med ansvar for vedlikehald (ECM) er eit omgrep som blir brukt om den verksemda som er ansvarleg for vedlikehald av eit køyretøy.

ECM-forordninga (EU) 2019/779 har erstatta forordning (EU) 445/2011 som omhandla godsvogner. Alle køyretøy som blir brukte på jernbanenettet skal vere tilordna ein sertifisert ECM. For jernbaneføretak som driv godstrafikk inneber dette krav om sertifisert ECM for trekkraftkøyretøy i tillegg til godsvogner. For jernbaneføretak som driv persontrafikk er sertifiseringskravet nytt.

Det europeiske jernbanebyrået (ERA) har publisert ein rettleiar om ECM. ekstern lenkje-symbol

Registrering av ECM

Alle køyretøy skal ha tilordna ein ECM før dei kan takast i bruk på det nasjonale jernbanenettet, og ECM skal registrerast i køyretøyregisteret.

Statens jernbanetilsyn (SJT) førar dette køyretøyregisteret.

Her er skjemaet for registrering av køyretøy. Skjemaikon

Viktige tidsfristar i ECM-forordninga

ECM-forordninga (EU) 2019/779 stiller krav til at alle køyretøya (bortsett frå godsvogner) skal følgje bilag II i forordninga innan 16. juni 2022. Dette gjeld anten verksemda skal sertifisere seg eller ønskjer å nytte unntaket i artikkel 3.2b og handtere det innanfor sitt eige tryggingsstyringssystem.

Artikkel 4 om tryggingskritiske komponentar gjeld frå 16. juni 2021.

Jernbaneverksemder som sjølv er ECM

Krava i vedlegget til ECM-forordninga II kan oppfyllast anten gjennom ei ECM-sertifisering eller i tryggingsstyringssystemet for verksemda (som ein del av løyveprosessen for tryggingssertifikat eller tryggingsgodkjenning)

Dersom ei jernbaneverksemd er ECM og berre held ved like køyretøy til eigen operasjon, er det frivillig å sertifisere seg. Dersom verksemda ikkje er sertifisert, kan ikkje køyretøya nyttast av ei anna verksemd ettersom det betyr at køyretøya ikkje berre blir haldne ved like for operasjon i samsvar med løyvet for verksemda.

For jernbaneverksemder som ønskjer å ECM-sertifisere seg finnast ei oversikt over akkrediterte sertifiseringsorgan i ERADIS.

Jernbaneverksemder som held ved like køyretøy utelukkande for eiga verksemd og som ikkje ønskjer å ECM-sertifisere seg, må informere oss om dette innan ECM-forordninga trer i kraft.

Jernbaneverksemder som nyttar ein annan aktør som ECM

Om ei jernbaneverksemd ønskjer at ein annan aktør er ECM, må denne aktøren vere ECM-sertifisert. 

Ansvaret for jernbaneverksemda

Ansvaret ei jernbaneverksemd har for sikker togframføring blir ikkje påverka av ansvaret eining med ansvar for vedlikehald har. Dersom ei jernbaneverksemd ønskjer å setje ut vedlikehald av køyretøy, er det uansett ansvaret til jernbaneverksemda å sikre at køyretøy som blir nytta er rett halde ved like.