Jernbaneverksemder må jamleg kjøpe inn utstyr for å byte ut delar eller oppgradere system. Leverandørar av utstyr må kunne dokumentere at utstyret oppfyller ei rekkje nasjonale og internasjonale krav. Her kjem tredjepartsverifisering inn i biletet.
Ei verksemd som utfører tredjepartsverifisering er eit uavhengig organ som er utpeika av styresmaktene i eit EU/EØS-land eller akkreditert av eit akkrediteringsorgan for å kunne utføre visse oppgåver beskrive i EU-direktiv.
Ulike typar verifisering
AsBo (Assessment Body – assesserende eining)
AsBo evaluerer om risikostyringsprosessen for ei endring er utført i samsvar med felles tryggingsmetode for risikovurderingar (CSM RA). AsBo evaluerer også resultatet. Evalueringa munnar ut i ein tryggingsvurderingsrapport.
AsBo i Noreg:
- Bane Nor (interne prosjekt)
- Certifer Nordics AS
- SINTEF AS
Andre firma kan bli akkrediterte av det nasjonale akkrediteringsorganet i landet og fungere i rolla som AsBo.
DeBo (Designated Body – utpeika organ)
DeBo verifiserer krav i nasjonalt jernbaneregelverk. Verifiseringa skal munne ut i ei stadfesting, gjerne eit sertifikat.
DeBo i Noreg:
- SINTEF AS
- Certifer Nordics AS
- TÜV Rheinland Rail Certification B.V.
- Cerifer HHC/DRS B.V.
- Scandinavia Rail & Verification ApS
- TÜV SÜD Nederland B.V
Oversikt over DeBo-er finst også i Eras Reference Document Database – RDD.
ISA (Independent Safety Assessor – assessor)
ISA verifiserer at komponentar og delsystem oppfyller krav i tråd med visse prosess- og elektrotekniske standardar (EN50126, EN50128 og EN50129). Evalueringa munnar ut i ein tryggingsvurderingsrapport.
NoBo (Notified Body – teknisk kontrollorgan)
NoBo verifiserer at komponentar og/eller delsystem oppfyller krav i tekniske spesifikasjonar for samtrafikkevne (TSI). Verifiseringa munnar ut i eit sertifikat.
NoBo i Noreg:
- SINTEF AS
- Certifer Nordics AS
Verksemder står likevel fritt til å velje internasjonale NoBo-er. Søk i Nando-databasen etter NoBo-er.