Informasjon frå togselskapet

Som togpassasjer har du rett til informasjon frå togselskapet.

Publisert: 14.12.2016 – Endret: 14.12.2016

Du skal som togpassasjer få informasjon på skikka vis. Før reisa skal jernbaneføretaket og billettutskriver svare på spørsmål frå kunden. Under reisa skal jernbaneføretaket informere på eige initiativ.

Informasjon du har krav på før reisa

  • Allmenne avtalevilkår
  • Tidsplanar og vilkår for raskaste reise
  • Tidsplanar og vilkår for rimelegaste reise
  • Tilgjengelegheit, vilkår for på- og avstiging og kva slags hjelpemidlar som finst om bord på toget for funksjonshemma og rørslehemma personer
  • Tilgjengelegheit og vilkår for å ta med syklar
  • Kvar og ein hending som vil kunna bryt av eller seinka trafikken
  • Tilgang til tenester om bord på toget
  • Korleis du kan få att gløymd bagasje
  • Korleis du kan klage

Informasjon du har krav på under reisa

  • Tenester om bord på toget
  • Neste stasjon
  • Seinkingar
  • Tog som korresponderer
  • Spørsmål om sikkerheit og tryggleik