Død eller skade

Om togselskapas erstatningsansvar ved død eller skade.

Publisert: 14.12.2016 – Endret: 14.12.2016

Erstatningsansvar

Jernbaneføretaka skal betale ut erstatning om død, personskade eller anna fysisk eller psykisk skade kjem av ei ulykke som inntreff i høve med jernbanedrifta. Dette gjeld når ulykka skjer medan passasjeren er om bord, på veg inn i eller på veg ut av eit tog. Det er gitt ulike reglar for død, personskade og anna fysisk skade. Reglane kjem fram i jernbanepassasjerrettighetsforskrifta.

Erstatning ved død

Erstatninga skal omfatta alle nødvendige kostnader i høve med dødsfallet, medrekna utgifter i tilfelle med transport og gravferd.

Dersom den avdøde hadde eller ville ha hatt ein lovbunden forsørgjarplikt overfor personer som ved dødsfallet mister sin forsørgjar, skal det tapet verta erstatta.

Erstatning ved personskade

I tilfelle av personskade eller anna fysisk eller psykisk skade, skal erstatninga omfatte:

  • naudsynlege kostnadar, særskilt kostnadar til behandling og transport
  • kompensasjon for økonomisk tap forårsaka av hel eller delvis bortfalla arbeidsemne, eller auka behov

Ansvarsfridom

Jernbaneføretaka vert fritekne for erstatningsplikt:

  • om ulykka vert forårsaka av omstende som ikkje kan verta knyta til jernbaneverksemda og som operatøren ikkje kunne unngå eller forhindra fylgjene av, avhengig av at operatøren har teke alle nødvendige åtgjerd
  • om passasjeren sjølv er skyld i ulykka
  • om ulykka vert forårsaka av åtferd frå ein tredjepart som transportøren ikkje har kunne unngå eller forhindre fylgjene av, avhengig av om transportøren har teke alle naudsynlege åtgjerder. Eit anna jernbaneføretak som trafikkerer på same infrastruktur reknast ikkje som ein tredjepart

Forsikring

Påbodet viser til det vanlege kravet om forsikringsdekning som vilkår for utferding av løyve (lisens), jamfør direktiv 2012/34/EU, implementert i jernbaneforskrifta. Det stilles derfor ikkje eit særskild krav til forsikringsdekning i påbodet.

Utover dette inneheld påbodet særreglar for forhandsutbetaling og stadfesting av ansvar.

Betaling på forhand

Dersom ein passasjer vert drepen eller skadd, skal jernbaneføretaket omgåande og under ingen omstende seinare enn 15 dagar etter at den erstatningsrettkomne fysiske personens identitet er fastslått, utbetala forskotsbeløp som trengs for å dekka umiddelbare økonomiske behov, opp mot omfanget av den skaden som er valda.

I tilfellet dødsfall skal forhandsbetalinga ikkje vera mindre enn 21 000 euro.

Stadfesting av ansvar

Betaling på forskot inneberer ikkje å vedgå erstatningsansvar, og kan reknast ifrå eit eventuelt seinare erstatningsbeløp som vert utbetala på grunnlag av denne lovboden. Forskotsbeløpet skal berre verte tilbakebetala i dei tilfelle kor skaden kjem av passasjeren sin forsøming eller feil, eller dersom den som har motteke forskotsbetalinga ikkje er den erstatningsrettkomne personen.

Sjølv om jernbaneføretaket nektar sitt erstatningsansvar for ein fysisk skade som ein av deira passasjerar vart påført, skal føretaket gjere sitt ytste for å støtta passasjerar som krev erstatning.