Bagasje på jernbanen

Om du som togpassasjer vil ha med bagasje, må du følgje togføretakets retningslinjer.

Publisert: 14.12.2016 – Endret: 14.12.2016

Bagasje du kan ta med

Du kan ta med deg handbagasje med heimel i dei allmenne transportvilkåra. Bagasje som kan vera til ulempe eller til bry for andre passasjerar eller som kan forårsake skade, skal du ikkje ta med som handbagasje. Det same gjeld dersom du vil ha med deg levande dyr.

Ved alvorleg mistanke om at bagasjen ikkje samsvarar med dei allmenne transportvilkåra har transportøren rett til å undersøka bagasjen. Dersom din bagasje må undersøkast, skal du få tilbod om vere til stades ved undersøkinga. Om du ikkje vil vere til stades, eller om jernbaneføretaket ikkje får tak i deg, skal to uavhengige vitne tilkallast.

Ansvar for skade på bagasje eller levande dyr

Du som passasjer har i utgangspunktet plikt til å føre tilsyn med handbagasje og levande dyr som du tek med på reise.

Jernbaneføretaket er ikkje ansvarleg for tap eller skade på gjenstandar som du har på seg eller med seg, handbagasje eller levande dyr, med mindre tapet eller skaden er forårsaka av jernbaneføretaket.

Jernbaneføretaket er ikkje ansvarleg for tap som oppstår som følgje av at passasjerar ikkje overheld føresegn fastset av tollverket eller anna myndigheit.