Målet med revisjonen er å sjå på korleis SJT utfører oppgåvene sine innan tryggleik og samtrafikk.
Dette inkluderer mellom anna
- tildeling av tryggingssertifikat og tryggingsløyve
- løyve til å ta i bruk køyretøy
- løyve til å ta i bruk faste installasjonar på infrastruktur
- gjennomføring av tilsyn
- organiseringa og kompetansestyringa til tilsynet
- oppgåver som handlar om korleis regelverket blir gjort tilgjengeleg og blir forbetra
Revisjonen blir gjennomført som ein dokumentgjennomgang etterfølgd av møte og intervju med tilsette i SJT. Funn vil kategoriserast i avvik og observasjonar. Revisjonen går føre seg frå november 2022 til september 2023.