Etter klage frå Flytoget AS har Statens jernbanetilsyn (SJT) vurdert om Bane NORS innkrevjing av infrastrukturavgifter er i samsvar med krav i jarnbaneforskrifta og den tidlegare fordelingsforskrifta. Klaga gjeld innkrevjing av infrastrukturavgiftene påslag, avgifter baserte på direkte kostnad og kapasitetsavgift frå Flytoget i 2017, 2018 og 2019.
Tilbakebetaling og stans av innkrevjing
SJT har konkludert med at grunnleggjande vilkår i jarnbaneforskrifta og fordelingsforskrifta for innkrevjing av påslag frå Flytoget ikkje var/er oppfylt. SJT har derfor fatta vedtak om at Bane NOR blir pålagt å tilbakebetale til Flytoget den delen av dei innkravde avgifter for 2017, 2018 og 2019 som er i strid med reglane og stanse vidare innkrevjing av same avgift for resten av 2019.
Flytoget blir ikkje gitt medhald i at avgift basert på direkte kostnad og kapasitetsavgift skulle vore utrekna på grunnlag av ein analyse av marknadssegment på tilsvarande måte som påslag.
Ulovleg innkrevjing av påslag
Flytoget har i 2017, 2018 og 2019 blitt kravd ei tilleggsavgift for bruk av heile eller delar av strekninga dei køyrer på. Bane NOR hevdar at denne avgifta utgjer det som i regelverket heiter eit påslag på infrastrukturavgifter. Flytoget meiner at påslaga ikkje oppfyller vilkåra i jarnbanelovgivinga og at Bane NOR manglar heimel for innkrevjing.
Påslag kan krevjast frå definerte marknadssegment. SJT har konkludert med at innkrevjinga av tilleggsavgifta frå Flytoget i dei aktuelle åra anten ikkje var basert på ein analyse av marknadssegment, eller at analysane ikkje var tilstrekkelege. SJT meiner dette inneber at ikkje alle jarnbaneføretak er vurderte etter like vilkår for innkrevjing av påslag. Bane NOR har dermed ikkje oppfylt kravet til å bruke denne avgiftsordninga på ein ikkje-diskriminerande måte.
Manglande informasjon om avgifter
Bane NOR har som infrastrukturforvaltar monopol på å tilby infrastrukturtenester. I regelverket blir det stilt krav om å vere gjennomsiktig. Infrastrukturforvaltar må gi detaljert informasjon om blant anna avgifter i ei såkalla nettrettleiing. Informasjonen skal bli gitt i god tid før jarnbaneføretaka søkjer om ruteleigar i komande år sin ruteplan. Bane NOR som infrastrukturforvaltar skal også varsle jarnbaneføretaka særskild dersom dei planlegg grunnleggjande endringar av påslaga. SJT meiner at Bane NOR ikkje gav Flytoget slik informasjon som regelverket krev.
Bane NOR får delvis medhald
Flytoget har i 2017, 2018 og 2019 også blitt kravd to andre infrastrukturavgifter frå Bane NOR, omtalt som avgift basert på direkte kostnad og kapasitetsavgift. Flytoget meiner at desse avgiftene skulle vore utrekna på grunnlag av ein analyse av marknadssegment, på same måte som påslag. SJT kan ikkje sjå at regelverket stiller slike krav.
Les heile vedtaket frå Statens jernbanetilsyn.
Statens jernbanetilsyn er marknadsovervakar på jarnbaneområdet og skal medverke til ein effektiv marknad med sunn konkurranse og likeverdige vilkår.