Opplæringssentre

Statens jernbanetilsyn skal godkjenne opplæringssenter som tilbyr opplæring av førarar i emna som inngår i sertifikatet.

Emne i sertifikatet vil seie kompetanse om rullande materiell, infrastruktur og eventuelt språk, som angitt i vedlegg V og VI i førarforskrifta. Alle som skal gi førarar opplæring i samsvar med vedlegg V og VI, må vere godkjente opplæringssenter.

Godkjente opplæringssenter kan vere

  • godkjent fagskole (for eksempel Norsk fagskole for lokomotivførarar)
  • sjølvstendig opplæringssenter (for eksempel NSB Kompetansesenter)
  • jernbaneverksemder som berre lærer opp eigne førarar
  • jernbaneverksemder som lærer opp andre enn eigne tilknytte førarar

For jernbaneverksemder som skal gjennomføre opplæring av eigne tilknytte førarar, vil opplæringssenter behandlast i samband med søknad om fellessikkerheitssertifikat eller sikkerheitsløyve.

Jernbaneverksemda må ha ei særskild godkjenning for å kunne tilby opplæring av førarar som er knytte til andre jernbaneføretak.

Regjeringa sitt gjennomføringsnotat om godkjenning.

Kriteria for godkjenning (kommisjonsvedtak 2011/765/EU).

Godkjente opplæringssenter
Namn SJTs reg.nr. Internett E-post Telefon
Norsk fagskole for lokomotivførere NO-01 Lokførerskolen post@lokforerskolen.no 22 45 78 90
Kompetansesenteret – Vy tog NO-02   nsb.kompetansesenter@nsb.no 95 21 33 03
Produktionsskolan Green Cargo NO-03 Green Cargo
info@greencargo.com 46 104 554 000
Railsupport Railacademy NO-04 Rail Academy post@railsupport.no 23 68 83 35
Rytec AS Kompetansesenter NO-05 Rytec AS kate.fornstedt@rytec.no 97 42 97 84

Fant du det du lette etter?