Godkjenning for legar og psykologar

For å kunne gjennomføre medisinske undersøkingar etter førarforskrifta må legar og psykologar ha ei eiga godkjenning frå Statens jernbanetilsyn.

For å utføre helseundersøkingar etter dei andre forskriftene må du ha autorisasjon som lege. Krava i desse forskriftene er retta mot jernbaneverksemder, og dei kan bestemme kva for legar som skal nyttast.

Godkjenning etter førarforskrifta

Vilkåra for å få slik godkjenning etter førarforskrifta er at du må ha autorisasjon som lege. Du må også ha gjennomført ei opplæring som er godkjent av oss i Statens jernbanetilsyn.

Send søknad om godkjenning som lege eller psykolog etter førarforskrifta. skjemasymbol

Opplæring

Bedriftshelsetenester som er knytte til ei jernbaneverksemd, kan søke om godkjenning til å lære opp eigne tilsette (legar og psykologar). Då blir det stilt krav til ein opplæringsplan med både teoretisk og praktisk opplæring.

Send attest til oss

For kvar gjennomførte medisinske undersøking skal det fyllast ut ein eigen attest som skal sendast til oss, uavhengig av resultatet av undersøkinga. Dette skal bekrefte for oss at ein førar oppfyller dei medisinske krava.

Send inn attest for gjennomført medisinsk undersøking. skjemasymbol

Vurdering av medisinsk dugleik

Som lege er det du som vurderer endeleg om ein førar er medisinsk skikka eller ikkje. Det er ingen høve til unntak for dei som ikkje oppfyller krava. Vurderinga er dermed funksjonell: Dersom krava forskrifta stiller til funksjonalitet er oppfylte, kan føraren reknast som skikka.

Enkelte sjukdommar som elles ville diskvalifisert føraren, kan likevel tilseie at vedkomande er skikka. Dette gjeld for eksempel i tilfelle der sjukdomane blir haldne under kontroll ved hjelp av medisinar eller anna.

Godkjenning av helsepersonell

Godkjenning blir gitt til kvar enkelt lege, men du kan godt vere knytt til ei bedriftshelseteneste eller liknande. Kravet er at den enkelte undersøkinga må utførast under oppsyn av ein godkjent lege.

Godkjenninga som lege er gyldig i fem år. For å oppretthalde godkjenninga må du gjennomføre eit visst tal undersøkingar i året.

Se liste over godkjende legar og psykologar. papirbunkesymbol

Fant du det du lette etter?

Tilbakemelding om innholdet på denne siden.
Det oppstod en feil under henting av captcha-bilde