Om regelverket for fornøyelses­innretningar

Reglane om fornøyelseinnretningar følgjer av lov og forskrift om fornøyelseinnretningar.

Regelverk er anten spesifikt eller funksjonelt.

Spesifikt regelverk

Eit spesifikt regelverk vil både ha krav til det nivået som skal oppnåast, og korleis dette nivået skal oppnåast.

Funksjonelt regelverk

Eit funksjonelt regelverk vil ha krav til nivået som skal oppnåast, men ikkje nødvendigvis til korleis nivået skal oppnåast. Dei som skal etterleve eit funksjonelt regelverket står dermed friare til å finne løysingar som passar for eiga verksemd, og som samtidig svarar ut krava i regelverket.

Regelverket legg opp til at innretningar som følgjer anerkjende standardar, tilfredsstiller kravet frå forskrifta. Alternativt må tilsvarande tryggingsnivå dokumenterast på annan måte.

Løysingane verksemda vel for å svare ut krava i forskrifta skal baserast på analysar. Verksemdene må dokumentere korleis dei i verksemda si svarer ut dei enkelte krava i forskrifta, fortrinnsvis gjennom tryggingsstyringssystemet sitt.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemelding om innholdet på denne siden.
Det oppstod en feil under henting av captcha-bilde