Vi er glade for at resultata viser ein framgang sidan 2020. Dei som svarte har vist oss at det har hjelpt å gjere ein innsats for å skrive klarare. Men vi har framleis fleire område å jobbe med. Vi vil bruke resultata til å jobbe endå meir målretta med språket på nettsider, i vedtak og rettleiing. Tilbakemeldingane deira hjelper oss å bli betre, og det set vi pris på.
Ønskjer å kommunisere gjennom e-post, nyheitsbrev og nettsider
Hovuddelen av dykk som svarte sa at de ønskjer informasjon frå oss i SJT via e-post, nettsider og nyheitsbrev. Svært få ønskt å vere i kontakt med oss i sosiale medium. Også desse resultata bruker vi til å jobbe meir målretta. Derfor skal vi gjere ein ekstra innsats på nettsidene våre. Dette håpar vi at vil bidra til at det blir stadig lettare å forstå kva som krevst av dykk og å få med dykk nyheiter frå oss.
De kan alltid gi oss tilbakemelding om noko av innhaldet på nett er vanskeleg å forstå. Vi samlar alle tilbakemeldingar og bruker det i arbeidet med å bli betre.