Klagerett |
De har rett til å klage på dette vedtaket.
|
---|---|
Kven har klagerett? |
Den som er part i saka eller har ei rettsleg klageinteresse kan klage på enkeltvedtak. Det er vanlegvis slik at andre enn den som er part i saka har tilgang til å klage på eit vedtak berre viss dei har ein konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. |
Klagefrist |
Fristen for å klage er tre veker etter at de fekk dette brevet. |
Korleis sender de klagen? |
Vi oppmodar dykk til å sende han via skjemaløysinga vår. Bruk alltid skjemaløysinga viss klagen inneheld sensitive opplysningar. De kan òg sende den til postadressa vår: Statens jernbanetilsyn eller som e-post: post@sjt.no. Merk klagen med saksnummer. |
Kva klagen må og bør innehalde |
I klagen må de nemne
De bør forklare kva for nokre faktiske eller rettslege forhold som gjer at de meiner av vedtaket er feil. Klagen må vere underskriven eller autentisert av klagaren eller klagarens fullmektig. |
Korleis behandlar vi saka? |
Samferdselseldepartementet er klageinstans. Viss vi held fast på konklusjonen vår og ikkje gjer om vedtaket, sender vi saka til Samferdselsdepartementet for ei endeleg avgjerd. |
De kan krevje grunngiving |
Dersom de meiner at vi ikkje har grunngitt vedtaket, kan de krevje å få grunngiving. Kravet må i så fall sendast oss før klagefristen går ut. Klagefristen blir då avbroten og ny frist på tre veker byrjar å springe frå det tidspunktet de får grunngivinga. |
Utsett gjennomføring av vedtaket |
Vedtaket skal som hovudregel gjennomførast innan den fastsette fristen. Dette gjeld sjølv om de klagar på vedtaket. De kan søkje om å få utsett iverksetjinga inntil klagefristen er ute eller til klagen er avgjord. |
Retten til å sjå dokumenta i saka |
De har som hovudregel rett til å sjå dokumenta i saka. Kontakt oss for å få tilgang. |
Kostnader ved klagesaka |
Viss eit vedtak blir endra til fordel for dykk, kan de krevje å få dekt nødvendige kostnader de har hatt som følgje av klagen. Dersom vi gjer om vedtaket som følgje av klagen, vil vi informere dykk om denne retten. |
Klage til Sivilombodet |
Viss klagen ikkje har ført fram og de meiner at vi har utsett dykk for urett, kan de klage til Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga (Sivilombodet). Sivilombodet kan ikkje sjølv endre vedtaket, men vurdere korleis vi har behandla saka og om vi har gjort oss skuldig i feil eller forsømmingar. |
Kvar finn de reglane vi har omtalt her? |
Reglane vi har omtalt her følgjer av desse føresegnene i forvaltningsloven:
|
Andre forhold
Vi publiserer rapportar frå tilsyn etter at vi har individuelt vurdert om delar av rapporten skal få fritak i samsvar med offentleglova og eventuelt
bli skjerma i samsvar med andre regelverk.