Møt våre tilsette

Nokre av medarbeidarane våre fortel om korleis det er å jobbe i SJT.

Katherine Hui.

nauman-aslam-2024-jobbe-sjt.jpg
Katherine Hui 
Senioringeniør
(avdelinga for tilsyn)
Utdanning: Sivilingeniør med spesialisering HMS

Korleis ser kvardagen ut?
Det er ein varierande kvardag. Det er ein del sjølvstendig arbeid, men samtidig er eg avhengig av samarbeid med kollegaer. Kvardagen kan bestå av møteverksemd internt og eksternt, å vurdere ulike system og ulike saksbehandlingar – som å følgje opp uønskte hendingar og rapportar frå Statens havarikommisjon.

Korleis får du brukt utdanninga?
Eg får brukt han til å løyse ulike oppgåver, til dømes å vurdere og ha tryggingsforståing av ulike system.

Kva er det beste med å jobbe i SJT?
Godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver.

Nauman Mohammad Aslam
Overingeniør
(avdelinga for løyve)
Utdanning: Ingeniør i energi og miljø i bygg

Korleis ser kvardagen din ut?
Arbeidskvardagen min er spennande og variert, med ein stor innverknad på samfunnet. Den blir prega av føreseielegheit, fleksibilitet og ein open arbeidskultur. Eg er ein del av eit mangfaldig miljø, der eg lærer noko nytt kvar dag frå svært kompetente og erfarne kollegaer med ulik fagleg bakgrunn. Hos SJT får eg tryggleik og støtte til å jobbe med tverrfaglege oppgåver, noko både organisasjonen og kulturen legg til rette for.

Korleis får du brukt utdanninga?
Den breie og anvendelege utdanninga mi innan ingeniørfag, kombinert med arbeidserfaring frå Direktoratet for byggkvalitet, kjem godt med når eg skal løyse ulike tekniske og faglege oppgåver knytte til å gi løyve. Dette gjer at eg kan bruke kunnskapen min på ein variert og meiningsfull måte.

Kva er det beste med å jobbe i SJT?
Det beste med å jobbe i SJT er å kunne bidra til sikrare og tryggare jernbane, trikk, T-bane, taubanar og fornøyelseinnretningar i Noreg. Så er det kollegaene, den gode lunsjen, utfordringa i å ta ti etasjar med trapper, og det høge nivået på Premier League Fantasy og quiz-konkurransar!