SJT som arbeidsplass

Statens jernbanetilsyn (SJT) er prega av eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og dedikerte medarbeidarar.

Ansatte fra Oslo og Trondheim.

Godar i SJT:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Moglegheiter for bustadlån med svært gunstig rente gjennom Statens pensjonskasse.
  • Subsidiert kantine.
  • Refusjon av treningsutgifter.
  • Refusjon av utgifter til kollektivtransport ved arbeidsreiser.
  • Konkurransedyktige vilkår.
  • Fleksibel arbeidstid med kjernetid frå klokka 09.00 til 14.30:
    • Arbeidstida i perioden 15. mai til 14. september er klokka 08.00–15.00 (sommartid).
    • Arbeidstida i perioden 15. september til 14. mai er klokka 08.00–15.45 (vintertid).
  • Gode og moderne IKT-verktøy, inkludert mobiltelefon.
  • Fridagar for seniorar: Arbeidsgivarar i staten skal legge til rette for at kvar enkelt arbeidstakar kan stå lenger i jobb. Eit av tiltaka er at eldre arbeidstakarar får ekstra fridagar.
    • Frå det kalenderåret ein fyller 62 år har arbeidstakaren rett til 8 dagar fri med løn per år.
    • Dei lokale partane kan i tillegg avtale inntil 6 fridagar med løn per år.
    • Deltidstilsette arbeidstakarar får rett til fridagar forholdsmessig.

Kvifor skal du jobbe i SJT?

  • Eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse, dedikerte medarbeidarar og spennande oppgåver.
  • Ein arbeidskultur prega av opne dører og tett samarbeid.
  • Eit inkluderande og hyggeleg arbeidsmiljø.

Visjon og verdiar

SJT har som visjon å sikre tryggleik på skinner, taubanar og fornøyelsesinnretningar.

Verdiane våre er respekt, openheit og sjølvstende. Les meir om verdiane våre.

Samfunnsoppdrag

SJT er tilsynsmyndigheit for jernbaneverksemd i Noreg, inkludert trikk og T-bane og for taubanar og fornøyelsesinnretningar. SJT er også marknadsovervakingsorgan for jernbanemarknaden og tilsynsorgan for passasjerrettar på jernbane.

SJT får stadig nye og spennande oppgåver og har i dag cirka 65 kollegaer i eit tverrfagleg miljø, med stor aktivitet også i internasjonalt arbeid.

Bransjane SJT jobbar med er i ei utvikling der berekraft, sikkerheit og marknadstilpassing må spele saman for å skape konkurransedyktige og trygge opplevingar. For å henge med i utviklinga jobbar SJT tverrfagleg, og bruken av verkemiddel bli utvida. Våre tilsette får både bruke og bygge på kompetansen sin, og dei må vere opne for endring. Tverrfagleg samarbeid og læring er normalen.