Spesielle inspeksjonar for taubane

Formålet med spesielle inspeksjonar er å sikre at anlegget ikkje fører til personskade.

Relevante komponentar og konstruksjonsdelar som blir utsette for utmattingsbelastning, skal undergis ikkje-destruktive prøvingar (NDT) etter intervall gitt i taubaneforskrifta.

Sjå også presentasjon om spesielle inspeksjonar. PDF-symbo

Hugs at:

  • spesielle inspeksjonar kjem i tillegg til generelle kontrollrutinar og periodisk vedlikehald, inkludert hovudrevisjonar
  • der det finst beskrivingar frå leverandøren for spesielle inspeksjonar for taubanar, skal desse blir følgde

Dersom det ikkje finst beskrivingar frå leverandøren for taubanar bygd etter regelverket som gjaldt før 3. mai 2004, skal de vurdere kva komponentar som må undergis ikkje-destruktive prøvingar. Dette skal baserast på vurderinga deira av kva komponentar som er mest utsette for utmatting.

Ut frå fagleg vurdering og etablert praksis forventar vi at de minimum har vurdert behov for ikkje-destruktive prøvingar av:

  • driv- og vendeskive
  • akslingar for driv- og vendehjul
  • dei mest utmattingsbelasta rullebatteria av type opptrekk, nedtrekk og kombi (eit av kvar):
    • opphengboltar
    • vippeboltar
    • rullebatterirammer
    • for Poma skitrekk, som ikkje har rullebatteri: travers med guide og innfesting av tauskiveaksling og dessutan tauskiver
      Dei mest utmattingsbelasta rullebatteria blir hovudsakleg identifiserte ut frå belastningar gitt i tauberegninger. Erfaringar med slitasje i enkelte rullebatteri skal det også takast omsyn til.
      Blir feil oppdaga under ikkje-destruktiv prøving av dei mest utmattingsbelasta rullebatteria av type opptrekk, nedtrekk eller kombi, skal prøvinga utvidast til dei nest mest belasta rullebatteria av same type
  • medbringerklemmer
    For klemmer skal kontroll og ikkje-destruktiv prøving skje etter beskrivingane til leverandøren. Dette følgjer av taubaneforskrifta § 3-13 siste ledd
  • hengestenger
  • bremsar (kabelbanar og svevande transport)

Ikke-destruktive prøvingar på sjølve driv- og vendehjulet, rullebatterirammer og hengestenger kan til dømes gjennomførast som grundig visuell inspeksjon, sjå til dømes NS-EN 13018:2016. Taubaneleverandørar tilbyr også kurs i visuell inspeksjon. For andre komponentar vil andre typar metodar for ikkje-destruktiv prøving vere nødvendig, for visuell inspeksjon vil ikkje nødvendigvis avdekkje utmattingssprekkar. NDT-operatøren kan angi kva metode som er best eigna.

Dersom komponentar blir bytte 1 til 1 med nye, i staden for å utsetjast for ikkje-destruktive prøvingar, vil neste ikkje-destruktive prøving av desse vere 15 år eller 22 500 driftstimar etter byte (det som kjem først). Dersom de til dømes berre byter boltar i dei mest utmattingsbelasta rullebatteria utan inspeksjon, må boltane i dei nest mest utmattingsbelasta rullebatteria testast. Alternativt kan boltane i alle rullebatteria bytast.

Infrastruktur (berande konstruksjonar)

Infrastrukturen til taubanane (til dømes master og fundament) ligg under styresmaktsområdet til plan- og bygningsetaten i den aktuelle kommunen. Denne infrastrukturen ligg med andre ord ikkje under vårt styresmaktsområde. Vår faglege vurdering er at utmattingsbelasta delar av infrastrukturen skal vere ein del av vurderinga for verksemda av kva komponentar som skal utsetjast for ikkje-destruktive prøvingar. Døme på infrastruktur som skal vurderast er mellom anna fundament, boltefestar og sveisar i traversar og mastar.

Kompetansekrav

Vi har ikkje fastsett konkrete krav til kompetanse for personell som skal gjennomføre spesielle inspeksjonar. Verksemda kan i utgangspunktet sjølv gjennomføre desse så lenge personellet har relevant kompetanse. Dokumentert kompetanse basert på anerkjend standard vil vere tilstrekkeleg. Sjå til dømes «NS-EN ISO 9712:2022: Ikke-destruktiv prøving – Kvalifisering og sertifisering av NDT-personell».

Dersom de ikkje kan presentere slik sertifisering, må tilsvarande kompetansenivå dokumenterast på annan måte.