Spørsmål og svar

Frå og med 2015 gjennomfører ikkje Statens jernbanetilsyn, avdeling for taubane og fornøyelsesinnretning, magnetinduktiv prøving.

Publisert: 26.08.2016   Endret: 04.12.2018

Kven gjennomfører no magnetinduktiv prøving?

Kvart inspeksjonsorgan med nødvendige kvalifikasjonar kan gjennomføre magnetinduktiv prøving i Noreg. Kvalifiserte inspeksjonsorgan som ønskjer det, vil bli oppført på tilsynet si liste. Lista vil bli supplert etter kvart som interesserte firma melder seg. Merk at også andre firma enn dei som står på tilsynet si liste, kan vere kvalifisert. Kontakt oss dersom du er i tvil.

Dersom du blir kontakta av andre firma som tilbyr magnetinduktiv prøving, kan du be desse vende seg til tilsynet for å kome på tilsynet si liste over firma som tilfredsstiller krava til å gjennomføre magnetinduktiv prøving av ståltau på taubaner i Noreg.

Kva må eg gjere for å få utført magnetinduktiv prøving?

Du må ta kontakt med eitt eller fleire av firmaa på tilsynet sin liste eller eit anna kvalifisert inspeksjonsorgan.

Oversikta viser at nokre firma har distriktskontor du kan kontakte direkte. Andre koordinerer via eitt kontaktpunkt.

Ver tidleg ute med bestilling slik at dei har kapasitet til å betene deg også mot slutten av året. Gå gjerne saman med anlegg i nærleiken og bestill samla. Kostnadene kan bli lågare.

Kor ofte skal magnetinduktiv prøving skje for skitrekk med faste klemmer?

Prøving av ståltau i samhøve med hevdvunnen metode skal utførast minst kvart tredje år etter det sjuande driftsåret. Inspeksjonsorgan set fristen i samhøve med krav i hevdvunnen metode. Regelverket for taubaner blei endra i 2017. I tidlegare regelverk avgjorde diameteren på ståltauet kor ofte magnetinduktiv prøving skulle utførast. Ved diameter lik eller under 14 mm var intervallet for prøving kvart andre år etter det femte driftsåret. For tau med diameter større enn 14 mm var det same intervall som gitt i standarden «NS-EN 12927 Sikkerhetskrav for taubaneinstallasjoner for persontransport - Tau del 7: Inspeksjon, reparasjon og vedlikehold»: minst kvart tredje år etter det sjuande driftsåret.

Kva skjer når den magnetinduktive prøvinga er gjennomførd?

Når prøvinga er gjennomførd, skal du få ein rapport frå den som har utført prøvinga. Av rapporten skal det vere tydeleg kva som eventuelt må gjerast med tauet.

Du må vurdere rapporten du har fått, avgjere kva som skal gjerast og lage ein tiltaksplan. Kopi av rapporten frå den som har utført den magnetinduktive prøvinga og tiltaksplanen skal sendast tilsynet. Du får ikkje lenger eit brev med pålegg frå tilsynet som fortel deg kva du skal gjere.

Kva er ein tiltaksplan?

Tiltaksplanen skildrar kva du har tenkt å gjere og ein dato for når det skal vere gjort. For å gjere det enklare, har vi laga eit skjema du kan bruke. Der har vi sett opp dei mest aktuelle tiltaka etter ei magnetinduktiv prøving som du kan krysse av for.

Korleis skal eg sende inn kopi av rapport og planlagga tiltak?

Kopi av rapport og planlagga tiltak skal sendast inn elektronisk.

Du må logge deg inn på same måte som du gjer for å sende inn årsrapporten. Så må du fylle ut det elektroniske skjemaet. Når skjemaet er fylt ut, hentar du inn ein elektronisk versjon av rapporten og legg den som vedlegg til skjemaet før du sender det.

Må eg sende inn tiltaksplan sjølv om rapporten viser at alt er i orden?

Dersom alt er i orden, skal du likevel sende inn tiltaksplan og kopi av rapporten. Du kryssar då av for «ingen tiltak nødvendig». Dette er fordi tilsynet ønskjer å følgje med på at MIP faktisk blir gjennomførd slik forskrifta krev.

Kva dersom eg ikkje kan sende rapport og planlagga tiltak elektronisk?

Då kan du ta kontakt med tilsynet på telefon 22 99 59 00 som vil gi deg rettleiing.

Kva gjer tilsynet når dei mottek kopi av rapport og planlagga tiltak?

Tilsynet vil sjå om det er samsvar mellom MIP-rapporten og planlagga tiltak. I ein overgangsperiode vil vi også føre systematisk tilsyn med at tiltaksplanen blir følgd opp.

Korleis blir det ført tilsyn med at tiltaksplanen blir følgd opp?

Så snart som mogeleg etter at tiltaket/tiltaka er gjennomført, skal du melde inn Bekreftelse på gjennomførde tiltak etter MIP. Kopi av tausertifikat og spleiserapportar skal sendast som vedlegg til det elektroniske skjemaet.

Kva skjer dersom tilsynet ikkje mottek kopi av rapport og planlagga tiltak eller stadfesting på at tiltak er gjennomført?

Dersom verksemda ikkje kan dokumentere at magnetinduktiv prøving er utførd og nødvendige tiltak er gjennomførde, kan det vere grunnlag for å påby stans av anlegget inntil tauet er dokumentert i orden.

I ein overgangsperiode vil tilsynet sende ut ei påminning tidleg på hausten til dei som ikkje har sendt inn rapport og planlagga tiltak. Tidspunktet er valt slik at det enno skal vere tid til å få utført MIP før neste sesong startar.

Tilsynet oppmodar verksemdene til å sende inn kopi av rapport og tiltaksplan så raskt som mogeleg for å unngå unødig påminning. Det same gjeld stadfesting på at tiltak er gjennomført. Vi oppmodar også verksemdene til å bestille MIP så tidleg som mogeleg på året for å vere sikker på å få reservert kapasitet.