Tilsyn med taubane

Banene fraktar mange personar og mykje gods opp dei norske fjellsidene.

Publisert: 16.08.2016   Endret: 23.03.2017

Taubaner er anlegg med stor potensiell risiko både for passasjerane og driftspersonalet. Taubanene blir drivne av sterke motorar, og publikum har lita moglegheit til å få stoppa ei taubane på eiga hand om noko skulle skje.

Dei største taubanene kan gå opp mot 400 meter over bakken. Statens jernbanetilsyn stiller difor strenge krav til konstruksjon, bygging og drift av taubaner. I menyen til venstre finn du informasjon om konsesjonar, lover og forskrifter og oppfølging frå tilsynet.

Dei fleste taubanene blir nytta av turistar, turgåarar eller alpinkøyrarar. Nokre taubaner blir nytta i drift og vedlikehald av til dømes kraftverk, vassverk eller installasjonar på fjelltoppar og er ikkje opne for publikum.

Totausbaner

Ulriksbanen

Totausbaner har éin eller to kabinar for persontransport. Vanlegvis heng kabinane på eitt eller fleire bæretau og blir dregne mellom endestasjonane ved hjelp av eitt eller fleire trekktau. Taua blir støtta av master dersom det er naudsynt.

Noreg har kring 20 operative totausbaner.

Kabelbaner

Fløibanen.

Kabelbaner for persontransport har éi eller to vogner som blir dregne langs ein skinnegang. Trekktauet ligg på ruller mellom skjenene.

I Noreg har vi tre operative kabelbaner for offentleg persontransport: Fløibanen i Bergen, bana til Gaustatoppen og Statkraft si kabelbane i Høyanger.

Godstaubaner

Godstaubane.

Godstaubaner er totausbaner (sjå over) som berre er meinte for godstransport. Det er ikkje lov å frakte personar i godstaubaner.

I Noreg finst det 12 operative godstausbaner.

 

Stolheisar

Stolheis

Stolheisar i alpinanlegg har master med høgthengande beretrekktau, det vil seie 5–25 meter over snødekket. Stolar eller gondolar er festa til beretrekktauet. Nokre baner er kombibaner, det vil seie at dei har både gondolar og stolar på beretrekktauet. Stolane kan ha løyselege eller faste klemmer.

I Noreg finst det kring 80 operative stolheisar.

Skitrekk

Skitrekk.

Skitrekk har eit trekktau som heng i master, slik at tauet går mellom tre og åtte meter over snødekket. Passasjerane blir transporterte ståande på ski ved bruk av T-krokar eller tallerknar som heng fast på trekktauet.

I Noreg finst det kring 510 operative skitrekk.

Skitau

Skitau.Skitau er trekktau som ligg rett på snøen eller heng opp til éin meter over snødekket. Passasjerane blir transporterte ved at dei held seg fast i tauet eller i ein tallerken, bøyle eller liknande som er festa til tauet.

I Noreg finst det kring 220 operative skitau.

 

 

I tillegg finst det ein del andre tilsynspliktige innretningar, så som vasskitrekk, sykkelheisar, taubaner i rodelbaner (taubane for kjelkar med hjul), mindre gardstaubaner og elvestolar.