Hva koster en driftstillatelse?

For å få driftstillatelse og å drive en taubane må de betale søknadsgebyr og årsgebyr.

Når de søkjer om driftsløyve vil saksbehandlinga koste det beløpet som svarer til to gonger årsgebyret for taubanen dykkar. Gebyra for taubanar står i tabellen under. I tillegg vil de bli fakturerte for årsgebyret for inneverande år. Det vil seie at det året de får innvilga driftsløyvet, vil de totalt betale tre gonger årsgebyret som gjeld for taubanen.

Frist for å levere inn driftsløyvet

De må levere inn driftsløyvet seinast 31. desember viss de ikkje lenger skal drive taubanen og ønskjer å unngå faktura for årsgebyr året etter. Lever gjerne inn løyvet så snart det er avklart at taubanen ikkje skal brukast lenger. Då kan vi oppdatere registera våre i god tid.

Dersom de leverer inn driftsløyvet, må de søkje på nytt viss de vil ta i bruk taubanen seinare.

Ein søknad fører med seg søknadsgebyr. Merk at taubanar utan driftsløyve skal fjernast innan eitt år etter opphøyr av driftsløyvet.

Det er Samferdselsdepartementet som fastsett gebyra kvart år i gebyrforskriften for taubanar.

Årsgebyr 2025

Taubane

Pris

Svevebanar

26 150,– 
Stolheis med faste klemmer med lengde mindre eller lik 400 meter  11 940,– 
Stolheis med faste klemmer med lengde over 400 meter 20 110,–
Godstaubanar 5 780,–
Skitrekk 14 010,–
Skitau 3 840,–
Skitrekk med lengde mindre eller lik 400 meter 7 580,–
Kabelbane 26 150,–