7. mars 2025 sende vi forslag til endringar i taubaneforskrifta på høyring. Vi fekk inn seks svar på høyringa.
Les høyringsdokumentet og forslaget til endringar.
Endringar trer i kraft 1. juli
Endringane SJT har foreslått trer i kraft slik dei er foreslått i høyringa. Vi har gått gjennom alle høyringssvar. Dei fleste handlar om delar av forskrifta som allereie gjeld, og som ikkje var på høyring denne gongen.
Dokumentasjon for nytt løyve og krav om driftsleiar er som før
I 2023 blei taubaneforskrifta endra. Då blei det innført eit krav om at søkjaren må dokumentere at taubanen er konstruert etter harmonisert europeisk standard eller har eit tilsvarande tryggingsnivå for å få nytt driftsløyve. Dette kravet er ikkje nytt eller endra i dette forslaget til endringar i taubaneforskrifta. Det er derfor ikkje ein del av denne høyringa eller endringane no.
Nokon har reagert på at manglande driftsleiar fører til tilbakekalling av driftsløyvet. Dette kravet var heller ikkje på høyring no. Dette kravet har vore ein del av taubaneforskrifta sidan 2017, og det gjeld framleis.
Innfører 12 månader med enklare krav
Det som er nytt, er at vi har foreslått ein periode på eitt år frå opphøyr av driftsløyvet der søkjar kan dokumentere at taubanen er i samsvar med den opphavlege dokumentasjon og endringar som er melde inn og behandla hos oss for å få nytt driftsløyve.
Dette er ein lette i krava. I dag er det ikkje ein slik periode med enklare dokumentasjonskrav. Dersom eit driftsløyve blir trekt eller levert inn, og ein ønskjer å starte opp igjen, må søkjaren omgåande dokumentere at taubanen er konstruert etter dei harmoniserte europeiske standardane eller har eit tilsvarande tryggingsnivå.
Med forslaget som blir no vedteke, hender dette dokumentasjonskravet etter eit år etter opphøyret av driftsløyvet.
Vi tek med høyringssvar og tilbakemeldingar i vidare arbeid med forskrifta
I høyringssvara har nokon påpeika at fristen på eitt år er for kort til å rekke ein gjenoppstart. Vi har registrert tilbakemeldingane, og minner om at det er mogleg å søkje om unntak frå krava i taubaneforskrifta. Terskelen for å få unntak er i dag høg. Vi vil sjå på terskelen for å få unntak i det vidare arbeidet med forskrifta.
Alle høyringssvar blir med til vurdering i vidare arbeid med taubaneforskrifta. Då kan vi òg vurdere tema vi har fått innspel om og som ikkje var på høyring no. I haust vil vi òg oppdatere kommentarane til forskrifta og lage rettleiing om krava til endring av taubane.