Tryggare som alpinist

Publisert: 18.04.2016   Endret: 18.04.2016

Foto: Nathalie GouzéeStatens jernbanetilsyn får kontinuerleg rapportar om hendingar i skianlegg – også med personskadar. Den største delen av rapporterte personskadar ved bruk av skitau og skitrekk skuldast at alpinistar er uoppmerksame, hektar seg fast eller fell.

Den største delen alvorlege hendingar skjer i samanheng med stolheis. Dei siste to sesongane har det vorne åtte alvorlege hendingar med at barn fell frå stolheis. Fleire av desse hendingane skuldast at barna ikkje har kome seg skikkeleg opp i stolen, og at heisen går eit stykke vidare før operatøren oppdagar hendinga.

Råd for tryggare tur i heisen

Ansvaret for tryggleik i anlegget ligg hos den som eig og driv anlegget. Likevel er det oftast alpinisten sjølv som er skuld i personskade, ikkje andre alpinistar eller forhold ved anlegget.

Før du bruker skitau, skitrekk eller stolheis

  • Følg alltid anvisningar frå driftspersonellet.
  • Les nøye skilta i området der du stig på.

Når du startar turen

  • I skitrekk skal du stå mot skålen eller T-kroken, ikkje sitje.
  • Bruker du snowboard skal bakre fot vere laus under heisturen.
  • Hald stavane i venstre hand dersom du står til venstre i ein T-krok, og i høgre hand på høgre side.
  • I stolheis må du som vaksen vere påpasseleg med at barn får sett seg ordentleg i stolen.
  • Sørg for at tryggleiksbøyla i stolheisen er nede under turen.

På veg oppover heistraséen

  • Sikksakk-køyring er forboden fordi det kan føre til at trekktauet fell i bakken og skader andre skikøyrarar.
  • Legg merke til skiltet som seier at det er 30 meter til avstiging.

På toppen av heistraséen

  • Hopp aldri av stolheisen før du er ved punktet der du skal gå av.
  • Slepp aldri kroken like føre ei mast. Trekktauet kan spore av.
  • Gå straks til sida for å unngå slag frå andre krokar og for å sleppe fram skiløparane som kjem bak.
  • Køyr aldri nedover i heistraséen.