Magnetinduktiv prøving for skitrekk med faste klemmer

Prøving av ståltau i samhøve med hevdvunnen metode skal utførast kvart tredje år etter det sjuande driftsåret.

Publisert: 03.12.2018   Endret: 03.12.2018

Regelverket for taubaner blei endra i 2017. I tidlegare regelverk avgjorde diameteren på ståltauet kor ofte magnetinduktiv prøving skulle utførast. Ved diameter under 14 mm var intervallet for prøving kvart andre år etter det femte driftsåret. For tau med diameter lik 14 mm eller større var det same intervall som gitt i standarden «NS-EN 12927 Sikkerhetskrav for taubaneinstallasjoner for persontransport - Tau del 7: Inspeksjon, reparasjon og vedlikehold»: kvart tredje år etter det sjuande driftsåret.

Statens jernbanetilsyn (SJT) har fått tilsendt rapportar der det er sett intervall på to år for tau med diameter under 14 mm. Det er ikkje observert trådbrot eller skadar som skulle tilseie kortare intervall til neste magnetinduktive prøving.

SJT vil be akkrediterte organ som utfører magnetinduktiv prøving om å gjennomgå rutinane sine for å sikre at prøving og intervall følgjer krava i gjeldande forskrift om taubaner og standarden EN 12927-del 7. Merk at verksemdene sjølv er ansvarlege for at prøving skjer innan fristen.

Sjå nettsidene våre for fleire spørsmål og svar om magnetinduktiv prøving.