Kven gjennomfører magnetinduktiv prøving (MIP)?
Kvart inspeksjonsorgan med nødvendige kvalifikasjonar kan gjennomføre MIP i Noreg. Kvalifisert inspeksjonsorgan som ønskjer det, vil bli oppført på SJTs liste. Lista vil bli supplert etter kvart som interesserte firma melder seg. Merk at også andre firma enn dei som står på lista vår, kan vere kvalifisert. Kontakt oss dersom du er i tvil.
Dersom du blir kontakta av andre firma som tilbyr MIP, kan du be desse vende seg til oss for å komme på lista vår over firmaa som tilfredsstiller krava til å gjennomføre MIP av ståltau på taubanar i Noreg.
Kva må eg gjere for å få utført MIP?
Du må ta kontakt med eitt av firmaa på lista vår eller eit anna inspeksjonsorgan.
Oversikta viser at nokre firma har distriktskontor du kan kontakte direkte. Andre koordinerer via eit kontaktpunkt.
Ver tidleg ute med bestilling slik at dei har kapasitet til å betene deg òg mot slutten av året. Gå gjerne saman med anlegg i nærleiken og bestill samla. Kostnadane kan bli lågare.
Når og kor ofte skal magnetinduktiv prøving av ståltau bli utført?
Prøving av ståltau skal utføres i samsvar med krav gjeve i gjeldande standard «NS-EN 12927:2019 Sikkerhetskrav for taubaneinstallasjoner for persontransport – Tau».
Første magnetinduktive prøving av ståltau skal bli utført etter montasje av tauet, men før taubanen blir sett i drift. Kravet gjeld både ved bygging av ny taubane, flytting av taubane, bytte av tau og ved innspleising av ny taulengde på eksisterande taubane.
Les kapittel 13.1 i standarden for å sjå hva som er maksimale intervall for å utføre magnetinduktiv prøving av ståltau på ulike taubanetypar.
Kva skjer når MIP er gjennomført?
Når MIP er gjennomført, skal du få ein rapport frå den som har utført prøvinga. I rapporten skal det vere tydeleg kva som eventuelt må gjerast med tauet.
Du må vurdere rapporten du har fått, avgjere kva som skal gjerast og lage ein tiltaksplan. Kopi av rapporten frå den som har utført MIP og tiltaksplanen skal sendast til oss. Du får ikkje lenger eit brev med pålegg frå oss som fortel deg kva du skal gjere.
Kva er ein tiltaksplan?
Tiltaksplanen skildrar kva du har tenkt å gjere og ein dato for når det skal vere gjort. For å gjere det enklare, har vi laga eit skjema du kan bruke. Der har vi sett opp dei meste aktuelle tiltaka etter MIP som du kan krysse av for.
Korleis skal eg sende inn kopi av rapport og planlegge tiltak?
Rapport etter magnetinduktiv prøving
Gjennomførde tiltak etter magnetinduktiv prøving
Du må logge deg inn på same måte som du gjer for å sende inn årsrapporten. Så må du fylle ut det elektroniske skjemaet. Når skjemaet er fylt ut, hentar du inn ein elektronisk versjon av rapporten og legg den som vedlegg til skjemaet før du sender det.
Må eg sende inn tiltaksplan sjølv om rapporten viser at alt er i orden?
Dersom alt er i orden, skal du likevel senda sende inn tiltaksplan og kopi av rapporten. Du kryssar då av for «ingen tiltak nødvendig». Dette er fordi vi ønskjer å følge med på at MIP faktisk blir gjennomført slik forskrifta krev.
Kva dersom eg ikkje kan sende rapport og planlagde tiltak elektronisk?
Då kan du få rettleiing av oss på telefon 22 99 59 00.
Kva gjer tilsynet når dei mottek kopi av rapport og planlagde tiltak?
Vi vil sjå om det er samsvar mellom rapporten og planlagde tiltak.
Kva skjer dersom tilsynet ikkje mottek kopi av rapport og planlagde tiltak eller stadfesting på at tiltak er gjennomført?
Dersom du ikkje kan dokumentere at magnetinduktiv prøving er gjort og nødvendige tiltak er gjennomførte, kan det vere grunnlag for å påby at anlegget blir stansa inntil tauet er dokumentert i orden.
Vi oppmodar til å sende inn kopi av rapport og tiltaksplan så raskt som mogeleg for å unngå unødig påminning. Det same gjeld stadfesting på at tiltak er gjennomført.