Innehavarmerking (VKM)

Køyretøy som blir brukt på det nasjonale jernbanenettet skal vere merkt med ein kode som identifiserer innehavaren (VKM). Her finn du informasjon om merkinga og korleis ein søkjer om å få tildelt VKM.

Publisert: 20.10.2016   Endret: 14.08.2017

Kva er ein VKM?

Innehavarmerking (engelsk: Vehicle Keeper Marking, VKM) er ein kode på 2-5 bokstavar som identifiserer innehavaren av køyretøyet. VKM-koden skal merkast på køyretøyet. VKM-koden gjeld i alle EØS-statar og i alle land tilslutta Den mellomstatlege organisasjonen for jernbanetrafikk (OTIF).

VKM-koden skal være eintydig. Det er høve til å bruke dei skandinaviske bokstavane Æ, Ø og Å, men ved kontroll av om VKM-koden er unik blir Æ og Å rekna som A og Ø rekna som O.

Nærmare reglar knytt til VKM finst i vedlegg P del 1 til TSI-en for drift og trafikkstyring (TSI OPE). EUs jernbanebyrå (ERA) og OTIF har utarbeidd ei felles rettleiing til reglane om VKM. Ein innehavar må ha vorte tilordna VKM for å kunne registrerast som innehavar i det nasjonale køyretøysregisteret (NVR). I NVR vil VKM til ein verksemd være synleg. Denne skal samsvara med VKM som er fysisk merka på kjøretøy.

Kven er innehavar?

Omgrepet innehavar (engelsk: keeper) er definert i samtrafikkforskrifta § 4 første leddet bokstav s: «den person eller foretak som i egenskap av å være eier av et kjøretøy eller som har rett til å benytte dette, benytter kjøretøyet som et transportmiddel og er registrert som sådan i det nasjonale kjøretøyregisteret som omhandles i § 32.» Innehavaren er den verksemda som er oppført som ein slik i ein registrering av køyretøy i NVR.

Det er berre innehavaren som har løyve til å utføre endringar på registreringar av køyretøy i NVR, og kan i kraft av dette forstås som «registreringsinnehavar» for køyretøy i NVR. Registreringsinnehavaren skal melde frå til Statens jernbanetilsyn om alle endringar av dei opplysningane som er registrert om køyretøyet, og skal til dømes melde frå om eigarskifte eller skroting.

Om ingen er registrert som innehavar av eit køyretøy, er registreringa av køyretøyet automatisk suspendert. Det inneber òg at det ikkje er lov å bruke køyretøyet.

Innehavaren av eit køyretøy kan vere ein annan enn eigaren. For eigarar av jernbanekøyretøy som ikkje sjølv driv jernbaneverksemd eller har andre jernbanerelaterte aktivitetar (som til dømes vognutleige) blant sine sentrale forretningsområde, kan det vere formålstenleg å avtale med ei anna verksemd at ho tek over innehavaransvaret. I det nasjonale køyretøyregisteret skal det registrerast både kven som er innehavar og kven som er eigar.

Ansvaret for køyretøyet ved framføring i tog ligg alltid hos den aktuelle jernbaneverksemda.

Søknad om VKM

Norske føretak som søkjer om VKM skal sende utfylt og underskrive søknadsskjema til Statens jernbanetilsyn på e-post.  ERA har søknadsskjema. (Se nederst.)

Etter å ha motteke søknaden, kontrollerer Statens jernbanetilsyn opplysningane, og sender så søknaden vidare til ERA. ERA kontrollerer at VKM-koden er unik, registrerer VKM-koden i VKM-registeret og kunngjør han gjennom oppdatering av VKM-registeret. Innehavaren kan etter dette ta VKM-koden i bruk.

ERAs liste over VKM

ERA og OTIF har eit felles register over alle tildelte VKM-kodar tilgjengeleg hjå ERA. Dette er ei liste over alle VKM-koder ERA har godkjent og publisert. Lista er felles for hele EU/EØS-sonen. Lista oppdaterast ein gong i månaden.

Merking på køyretøyet

Køyretøy skal merkast med mellom anna europeisk køyretøynummer (EVN), VKM og landkode etter reglane i vedlegg P del 1 og 2 til TSI OPE.