Er fulle tog ein sikkerheitsrisiko?

SJT har ingen indikasjonar på at passasjerar har blitt skadt i ei akutt evakuering på grunn av høg passasjertettleik.

Publisert: 29.11.2016   Endret: 03.05.2018

Kva betyr eit tog fullt av passasjerar for evakueringa?

Det vil naturleg nok ta lengre tid å evakuere eit tog med mange passasjerar enn med få passasjerar. SJT har ingen indikasjonar på at passasjerar har blitt skadt i ei akutt evakuering på grunn av høg passasjertettleik. Toget skal vere utforma slik at evakuering og sjølvberging kan skje ved brann og andre ulukker.

Kven har ansvaret for sikkerheita på toget?

Togselskapet som har fått løyve til å køyra toget har også ansvaret for sikkerheita. Togselskapet skal ha rutinar for vernebuing (beredskap), blant anna for evakuering av tog. Til dømes har NSB og Flytoget interne instruksar om at personellet om bord skal gå gjennom toget, blant anna for å oppdage tilløp til brann og syrgje for at bagasje i rømningsvegar blir fjerna. Selskapa har rutinar for å setje i verk andre tiltak når personellet om bord ikkje kan gå gjennom toget.

Toga skal vere lagde til rette for blant anna å evakuere syns- og funksjonshemma og for at nødetatane kan drive effektivt redningsarbeid.

Bane NOR skal ha analysar for vernebuing (beredskap) som blant anna omhandlar sikker evakuering i tunnelar.

Kor mange passasjerar kan eit tog ha?

Generelt er eit tog dimensjonert for den lasta toget kan vere tenkt å ta med seg. For lokaltog er dette ei mengd passasjerar som tilsvarer mengda sitjeplassar pluss eit mengd ståande passasjerar tilsvarande seks personar pr. kvadratmeter fri golvflate.

I tillegg er det teke omsyn til at det blir teke med fem kilo handbagasje pr. person. I praksis vil det ikkje vere mogeleg å få inn fleire enn dette i ei vogn. For mellom- og langdistansetog er dimensjonert mengd ståplassar fire personar pr. kvadratmeter fri golvflate.

For evakuering av toga blir det lagd til grunn at personar sjølv skal klare å kome seg ut av toget. Å halde rømningsvegar frie betyr også at bagasje må plasserast slik at den ikkje hindrar evakuering i avvikssituasjonar.