Lang bremselengde for tog

Derfor er det svært viktig aldri å ferdast i eller langs eit jarnbanespor.

Publisert: 23.12.2016   Endret: 23.12.2016

Generelt har tog svært lange bremselengder, spesielt gjeld det godstog. Eit godstog som køyrer i 100 kilometer i timen treng nærmare ein kilometer før det stoppar heilt. Persontog som køyrer i 210 kilometer i timen treng over ein kilometer for å stoppe.

Derfor er det svært viktig aldri å ferdast i eller langs eit jarnbanespor. Faktisk er det forbode. Slik ferdsel medfører stor fare. Gå heller aldri ned på skjenene frå plattforma på ein stasjon, sjølv om det ikkje blir venta noko tog. Eit tog kan vere svært stillegåande.

Ulovleg opphald og ferdsel i sporet har vore den dominerande ulukkeskategorien innan jarnbanetransport dei siste åra og har representert om lag 60 prosent av dødsulukkene.