Bruk av verkemiddel

Forvaltinga kan tvinge gjennom avgjerdene sine med administrative reaksjonar eller verkemiddel. Verkemidla Statens jernbanetilsyn kan bruke er stans, suspensjon, tilbakekalling og tvangsmulkt.

Bruk av verkemiddel er ein sentral og nødvendig del av det å føre tilsyn med at jernbaneføretaka følger lovpålagde krav. Tilsynet bruker berre verkemiddel når det er heilt nødvendig. Dette blir avklara gjennom ein grundig tilsynsprosess der partane er informerte og har fått høve til å uttale seg i saka.

Med lova i hand kan tilsynet krevje hjelp frå politiet til å gjennomføre påbod. Dette er eit indirekte verkemiddel som er med på å gjennomføre det direkte verkemiddelet stans. Tilgangen til å involvere politiet vil derfor ikkje vere eit tema i denne rettleiaren. Du bør likevel vere merksam på at tilsynet kan tilkalle politiet dersom det er nødvendig å gjennomføre vedtak med tvang.

Bak vurderingane av om det skal brukast verkemiddel, ligg same omsyn for jernbaneverksemd både på og utanfor det nasjonale jernbanenettet. Rettleiaren er derfor ikkje delt inn etter jernbanenettet, men tematisk etter verkemiddel.

Veileder om bruk av verkemiddel.