Den mest synlege delen av tilsynet vårt er når vi møter opp hos ei verksemd for å sjekke tilstanden til eit anlegg eller eit køyretøy, men dette er berre ein liten del av tilsynsverksemda.
Vi fører tilsyn med over 30 jernbaneverksemder med tusenvis av aktivitetar og tekniske løysingar over heile landet. For oss er det verken mogleg eller nødvendig å kontrollere alt kvart år. Regelverket er utforma slik at det er verksemdene sjølve som har det totale ansvaret for å drive forsvarleg når det gjeld sikkerheit og sikring. Det betyr også at selskapa har fridom til sjølve å finne dei beste løysingane innanfor dei rammene som forskriftene gir.
Styringssystem
Vi stiller krav om kontroll i form av eit styringssystem. Eit innarbeidd styringssystem skal sørge for at nivået på sikkerheit og sikring er god kvar dag året rundt, ikkje berre den eller dei dagane vi er på besøk. Verksemda skal bruke styringssystemet til å grunngi korleis krava i forskriftene skal takast hand om – ikkje minst når forskrifta gir funksjonskrav.
Les våre rettleiarar om styring av sikkerheit.
Risikobasert tilsyn
Vi bruker mest ressursar der vi vurderer at risikoen for ulykker er størst. Risikoen blir vurdert ut frå omfanget av transportarbeidet justert for ei rekke faktorar som topografi, organisatoriske forhold, erfaring frå tidlegare tilsyn og uhellsrapportering.
Eksempel på element som aukar risikoen:
- Køyrer mange kilometer kvart år.
- Køyrer i høg fart.
- Køyrer på strekningar der infrastrukturen ikkje er i god stand.
- Har mange oppdrag av ulik karakter, for eksempel passasjer- og godstransport på mange ulike stader i landet.
- Har mangelfull styring av verksemda, noko som gir alvorlege og gjentatte avvik.
Verksemder som vi vurderer at kan ha høg risiko, vil få tettare oppfølging og hyppigare tilsyn.
Tilsynsformer
Vi bruker i hovudsak fem tilsynsformer:
Systemrevisjon
Ein revisjon er ein planlagt og systematisk gjennomgang av heile eller delar av styringssystemet for sikkerheit. For å avgjere om verksemda etterlever krava, går vi gjennom skriftleg dokumentasjon og intervjuar representantar for verksemda. Vi verifiserer gjennom stikkprøver om styringssystemet for sikkerheit fungerer i praksis. Verifikasjonen kan bestå av at vi undersøker tekniske innretningar, register, databasar, rutinar i praksis eller anna. Ein revisjon blir normalt varsla cirka fem veker på førehand.
Inspeksjon/operativ kontroll
Ein inspeksjon eller operativ kontroll kan skje umeld eller bli varsla på førehand. Hensikta er å ta stikkprøver for å sjå om verksemda følger krava i lovverket og eigne føresegner.
Leiarmøte
Møte med den øvste leiinga i ei verksemd er å undersøke korleis leiinga utøver ansvaret sitt for sikkerheit og sikring, og om sikkerheits- og sikringstiltak blir høgt nok prioriterte.
Tilsynsmøte
Eit tilsyn basert på eit møte der fleire representantar frå verksemda er til stades samtidig. Eit tilsynsmøte kan ha eit avgrensa tema, for eksempel oppfølging av tidlegare tilsyn.
Dokumenttilsyn
Gjennomgang av dokumentasjon innhenta frå ei verksemd relatert til spesifikke operasjonar, prosedyrar eller analysar.
Brot på regelverk
Vi gir pålegg om å rette eventuelle avvik frå regelverket.
Ved alvorlege tilfelle kan vi bruke desse sanksjonsmidla:
- Stans av drift.
- Suspensjon av tillating til å drive verksemd eller innretning.
- Tvangsmulkt.
- Tilbakekalling av retten til å drive ei verksemd eller innretning, det vil seie inndraging av lisens, sikkerheitssertifikat eller tillating.
Kunnskap og oversikt
Erfaringsdata frå tilsyn legg mykje av grunnlaget for prioriteringane. I tillegg får vi inn over 30 000 rapportar om uønskte hendingar kvart år. Les meir om ulykkesstatistikk.
Formidling av resultat
Resultat frå tilsyn og statistikk frå uhellsrapportering blir formidla på ulike måtar, for eksempel i tilsynsrapportar, rettleiarar, årlege sikkerheitsrapportar, årsrapportar, bransjemøte, konferansar og media.