Nasjonalt køyretøyregister (sNVR)

Statens jernbanetilsyn fører eit register over køyretøy med løyve til ibruktaking på det nasjonale jernbanenettet i samsvar med samtrafikkforskriften § 32 .

Publisert: 29.06.2016   Endret: 19.11.2018

Engelsk flagg.

Information in English.

 Nærmare reglar om registeret står i forskrift om nasjonalt kjøretøyregister for det nasjonale jernbanenettet. Forskrifta gjennomfører vedtak 2007/756/EF som endra av vedtak 2011/107/EU i norsk rett.

For hvert kjøretøy skal registeret inneholde minst følgende opplysninger:
a) europeisk kjøretøynummer (EVN)
b) henvisninger til EF-verifiseringserklæringen og det utstedende organ
c) henvisninger til det europeiske registeret over tillatte typer kjøretøy som omhandlet i § 33
d) identifisering av eieren og innehaveren av kjøretøyet
e) restriksjoner på bruken av kjøretøyet
f) enheten med ansvar for vedlikehold.

Registrering av køyretøy i det nasjonale køyretøyregisteret fritek ikkje jernbaneføretaka frå plikta til sjølv å føre register over dei køyretøya som verksemdene bruker, jamfør kjøretøyforskriften § 6 første ledd.

Tilgang til registeret

Kven som skal ha tilgang til registeret går fram av punkt 3.3 i vedlegget til vedtak 2011/107/EU.

Dei som får tilgang er mellom anna:

  • køyretøyinnehavarar
  • eigarar
  • jernbaneføretak
  • infrastrukturforvaltar
  • undersøkingsmyndigheita (Statens havarikommisjon for transport)
  • Det europeiske jernbanebyrået (ERA)
  • nasjonale tryggleiksmyndigheiter i andre EØS-statar.

Statens jernbanetilsyn tildeler leserettar til verksemdene i samsvar med tabellen i punkt 3.3 i vedlegget til vedtak 2011/107/EU. Informasjon om brukarnamn og passord for innlogging blir formidla til kontaktpersonar i verksemdene.

Søknad om tilgang til det nasjonale køyretøyregisteret kan gjerast ved å vende seg til post@sjt.no med denne informasjonen:

Namn:
Firma:
Rolle: (eks. eigar, innehavar, ECM)
Firmaet må vere registert med ei rolle i registeret for at tilsynet kan gi tilgang (gjeld ikkje SHT eller ERA og NSA).

Innlogging i det nasjonale køyretøyregisteret (sNVR).

Det eksisterer også eit felles europeisk køyretøyregister (VVR). VVR gjev tilgang til opplysningar lagra i dei nasjonale køyretøyregistra i alle EØS-landa og i somme av OTIF-landa, ikkje berre i det norske registeret.

Innlogging i det felles europeiske køyretøysregisteret (VVR) gjerast med same brukar og passord som for NVR, men ein må legga til NO føre brukarnavnet (eks. NObruker).

Innlogging i det felles europeiske køyretøysregisteret (VVR).

Skjema for registrering av godkjente køyretøy

Registrering av godkjente kjøretøy (bokmål, docx-fil)

Registrering av godkjente kjøretøy (bokmål, PDF-fil)

Registrering av godkjente kjøretøy (nynorsk, docx-fil)
Registrering av godkjente kjøretøy (nynorsk, PDF-fil)

Registrering av godkjente kjøretøy (engelsk, docx-fil)
Registrering av godkjente kjøretøy (engelsk, PDF-fil)

Endringar i det nasjonale køyretøyregisteret (NVR)

Endringer i det nasjonale kjøretøyregisteret (e-skjema)

Fant du det du lette etter?