Risikobiletet i Norge – historikk

Frå 2009–2018 er det ein passasjer som har omkome. Nedst på sida finn du ei beskriving av dei største jernbaneulukkene i Norge.

Publisert: 30.08.2016   Endret: 12.06.2019

Tala i statistikken omfattar både jernbanenettet, trikk og T-bane. Statistikken er oppdatert til og med 2018.

Omkomne dei siste ti åra

Talet på omkomne tredjepersonar inkluderer planovergangsulukker og påkøyrslar. Frå 2009-2018 er det i snitt 4,8 tredjepersonar og 0,1 passasjerar som er omkomne i jernbaneulukker. I same periode er det ingen tilsette som er omkomne.

Passasjerar (P)
Tilsette (T)
Tredjepersonar (TP)

År Jernbanenett T-bane Trikk
  P / T / TP P / T / TP P / T / TP
2018 1 / 0 / 4 0 / 0 / 0 0 / 0 / 0
2017 0 / 0 / 3 0 / 0 / 1 0 / 0 / 1
2016 0 / 0 / 3 0 / 0 / 0 0 / 0 / 1
2015 0 / 0 / 2 0 / 0 / 0 0 / 0 / 1
2014 0 / 0 / 1 0 / 0 / 1 0 / 0 / 1
2013 0 / 0 / 6 0 / 0 / 1 0 / 0 / 1
2012 0 / 0 / 1 0 / 0 / 0 0 / 0 / 1
2011 0 / 0 / 6 0 / 0 / 0 0 / 0 / 0
2010 0 / 0 / 9 0 / 0 / 0 0 / 0 / 0
2009 0 / 0 / 3 0 / 0 / 1 0 / 0 / 0
Totalt 1 / 0 / 38
0 / 0 / 4 0 / 0 / 6

Alvorleg skadde dei siste ti åra

Frå 2009-2018 er det i snitt 3,0 alvorleg skadde passasjerar. Tilsvarande tal for tilsette og tredjepersonar er 0,8 og 4,8.

År Jernbanenett T-bane Trikk
  P / T / TP P / T / TP P / T / TP
2018 0 / 0 / 1 3 / 1 / 0 1 / 0 / 0
2017 0 / 0 / 0 1 / 0 / 1 2 / 0 / 3
2016 0 / 0 / 0 1 / 0 / 0 1 / 0 / 4
2015 1 / 0 / 3 1 / 0 / 0 1 / 0 / 2
2014 0 / 0 / 4 1 / 0 / 1 2 / 0 / 4
2013 1 / 0 / 2 0 / 0 / 0 0 / 0 / 1
2012 0 / 3 / 0 0 / 0 / 0 2 / 0 / 4
2011 1 / 3 / 1 0 / 0 / 0 4 / 0 / 1
2010 0 / 0 / 5 0 / 0 / 0 4 / 0 / 6
2009 1 / 1 / 2 1 / 0 / 0 1 / 0 / 3
Totalt 4 / 7 / 18 8 / 1 / 2
18 / 0 / 28

Nokre jernbaneulukker*

Under er eit utval jernbaneulukker.

På området trikk og t-bane har det ikkje vore ulukker i denne perioden med omfattande materielle skader eller større antall alvorleg skadde eller omkomne.

08.08.2018: Det oppsto brann i eit snøoverbygg på Ofotbanen.

02.03.2018: To personar omkom da dei ble påkjørd av tog ved Alna holdeplass i Oslo.

22.02.2018: Ein person omkom da vedkomande falt mellom tog og plattform på Fetsund stasjon.

10.10.2016: På Romsås stasjon i Oslo rygga ein person i elektrisk rullestol ut av bakre vogn da dørene åpna seg utanfor plattformen. Vedkomande fikk lettere skadar. En annen passasjerer ble alvorleg skadd da vedkomande fikk strøm gjennom seg ved kontakt med rullestolen mens den lå i sporet.

09.01.2013: Eit skift kolliderte med eit lokomotiv. Ingen personskader. Store materielle skadar til cirka 10 millionar kroner.

15.02.2012: Eit persontog type Flirt spora av under testkøyring ved Nykirke stasjon. Det oppstod personskader og betydelege skader på togsett og infrastruktur.

13.01.2012: Eit godstog frå Oslo til Trondheim spora av i sporveksel 3 ved innkøyring til Dombås stasjon. Årsaka til avsporinga var ein motor som hadde løsnet og falt ned. Det var ingen som blei drepne eller alvorleg skadde.

05.09.2011: Eit persontog køyrde inn i eit rasområde og spora av nord for Opphus stasjon på Rørosbanen. Kraftig regn i området i forkant av ulukka hadde ført til ein situasjon kor underbygninga til sporet var blitt vaska bort. Det var to ansette som blei skadd i ulukka.

16.06.2011: Toget med 257 passasjerar frå Bergen køyrde inn i ein brennande tunnel ved Hallingskeid stasjon. Ingen blei drepne eller alvorleg skadde.

01.10.2010: Eit persontog frå Oslo til Stockholm. Under køyring gjennom spor 1 på Skotterud stasjon, Kongsvingerbanen, spora første hjulgang på bakre boggi på første vogn av. Toget heldt ein fart på 95 km/t då det spora av. Vogna drog ut mot høgre side i bakkant og slo inn i delar av plattforma, trefte ein relékiosk og knuste denne, reiv ned delar av bomanlegget på eit vegsikringsanlegg og knekte ei mast til kontaktleidningsanlegget. Vogna hoppa opp i bakkant og mista ein boggi då ho trefte planovergangen i enden av stasjonen. Vogna brakk deretter ut og velta. 36 menneske blei skadde, men ingen alvorleg.

24.03.2010: 16 containergodsvogner frå CargoNet, utan last, kom i rørsle på Alnabru onsdag 24. mars ved 13-tida. Vognene rulla i retning mot Sjursøya, på eit eige godsspor. Nokre vogner spora av og nokre fortsette ut i sjøen. På sin veg mot sjøen gjekk nokre av vognene gjennom ein lagerbygning. 3 menneske mista livet, og minst 4 blei skadde.

21.02.2007: Eit persontog med 130 passasjerar og 4 tilsette køyrde inn i eit snøskred ved Storekleven, aust for Myrdal stasjon på Bergensbanen. Toget køyrde ut mellom to kontaktleidningsmaster utan å skade desse. Toget havna utanfor spora med dei to fremste vognene. Ingen blei drepne eller alvorleg skadde.

17.02.2003: Kollisjon mellom ein tankbil og eit skiftelokomotiv i rundkøyringa på Sjursøya. Tankbilen med 40 000 liter bensin/diesel sto i brann. Ingen blei drepne eller alvorleg skadde.

05.04.2000: Godstog køyrde inn i eit anna stilleståande godstog på Lillestrøm. To av vognene var lasta med propan. Det vart slått hol i den eine behaldaren, og ein voldsom brann oppstod. Lillestrøm stasjon og området rundt vart evakuert i fleire dagar på grunn av eksplosjonsfaren.

05.02.2000: Planovergangsulukke mellom Helleland og Egersund. 4 personar omkom.

04.01.2000: Kollisjon mellom to persontog ved Åsta, mellom Rustad og Rena stasjon. 16 reisande og 3 tilsette i teneste omkom.

17.12.1998: Persontog spora av etter at underbygningen rasa ut på Nordlandsbanen, mellom Trofors og Kvalfors. 9 reisande vart alvorleg skadde, medan 35 vart lettare skadde.

19.09.1998: Planovergangsulukke på Gol stasjon. 5 personar omkom.


*Definisjonen på ei jernbaneulukke er ei hending som:

  • forårsakar død eller alvorleg personskade (innlegging på sjukehus i meir enn 24 timar)
  • gir betydeleg skade på materiell, spor, andre installasjonar eller ytre miljø
  • fører til stans i togtrafikken i meir enn seks timar.

Til dømes er det ei jernbaneulukke hvis eit tog riv ned ein køyreledning og det fører til stans i trafikken på den aktuelle strekninga i seks timar eller meir.

Fant du det du lette etter?