Samferdselsdepartementet bad tilsynet om å utarbeide nye forskriftsreglar om universell utforming. Tilsynet foreslår eit overordna krav om at nytt eller vesentleg oppgradert køyretøy skal vere universelt utforma. I tillegg gjer tilsynet framlegg om funksjonelle minimumskrav til blant anna på- og avstiging, merking, seter og kommunikasjon.
Forslag til tekniske reglar skal meldast etter reglane i lov om europeisk meldeplikt for tekniske reglar m.m. (EØS-høyringsloven) som gjennomfører direktiv 98/34/EF. Difor er forslag til forskriftsreglar om universell utforming av køyretøy melde til EFTAs overvakingsorgan gjennom Nærings- og fiskeridepartementet.