Trekker i nødbrems føre traktor

Dei siste fem åra har Statens jernbanetilsyn fått innrapportert 174 hendingar der tog risikerer samanstøyt med traktor på planovergang.

Publisert: 18.04.2017   Endret: 18.04.2017

I ein del av dei innrapporterte hendingane for perioden 2012-2016 har lokføraren aktivert nødbremsen for å unngå samanstøyt med traktoren.

Dei fleste hendingane har skjett ved planovergangar som er sikra med grind og skilt. Cirka 40 av hendingane har skjett ved planovergangar som er sikra med automatisk bomanlegg.

Fire ulukker

Fire av dei 174 hendingane er registrerte som ei ulukke, det vil seie at det blei ein samanstøyt mellom tog og traktor. Éi hending er registrert med personskade. Denne hendinga på Rørosbanen i 2014 var svært dramatisk for dei involverte, men den skadde traktorføraren skal ikkje ha fått varige fysiske men. Traktoren blei delt i to ved samanstøytt med toga.

Utsette strekningar

Hendingane med traktor på planovergang er registrert stort sett på heile banenettet i Noreg, men einskilde strekningar peikar seg ut:

  • Raumabanen
  • Rørosbana, spesielt frå Tynset til Røros, men heile bana frå Hamar til Røros har mange rapporterte hendingar
  • Nordlandsbane (Trønderbanen) frå Stjørdal til Steinkjer
  • Dovrebanen frå Støren til Trondheim

Hendingar med traktor på planovergang fordeler seg over heile året, men statistikken visar tydelege toppar i mai og september. Kanskje skuldast utslaga i statistikken meir traktorkøyring i våronna og ved innhausting.

Uoppmerksame traktorførarar

– Dei innrapporterte hendingane gir grunn til å tru at det i mange tilfelle er aktløyse blant traktorførarane som skaper farlege situasjonar. Kombinasjonen av arbeidsoppgåver, rutinar, bruk av radio, høyreklokker og telefon kan føre til for lita merksemd mot toget ved kryssing av sporet, seier Erik Ø. Reiersøl-Johnsen, direktør i Statens jernbanetilsyn (SJT).

Uforsiktig kryssing utgjer ikkje berre ein personfare. Traktorar og landbruksmaskiner har blitt så massive at ein samanstøyt kan gi store skadar både på maskin og tog.

Ein annan risiko for toget er rundballar. SJT oppmodar bønder til å leggje rundballar i terrenget på ein slik måte at dei ikkje rullar ut i sporet.

Gode rutinar

Einskilde stader er farten på bana 130 kilometer i timen. Eit tog kan då ofte ikkje rekkje å stanse før planovergangen. Traktorføraren kan sikre seg ved å ha god sikt og eventuelt høyre lyd. Ved mange planovergangar skal toget gi signal med tuting. For den som kryssar planovergangen er det viktig å:

  • ha merksemda mot sporet
  • sjå til begge sider
  • leggje vekk telefonen
  • ta av høyrselvern
  • lytte før sporet blir kryssa

Dersom traktorføraren synest at sikta er for dårleg, bør han varsle Bane NOR. Dersom Bane NOR blir klar over situasjonen, kan dei vurdere tiltak basert på retningslinjer for å betre tryggleiken.