Tilsynet kan inndra lokførarsertifikat

Alle lokomotivførarar skal ha gyldig førarprov og sertifikat.

Publisert: 19.08.2016   Endret: 05.10.2016

Statens jernbanetilsyn skriv ut førarprov. Førarprovet er personleg, og gyldig i heile EØS/EU.Verksemda lokføraren jobbar i skriv ut sertifikat, og eig sertifikatet.

I mars blei tilsynet sitt vedtak om å inndra eit lokførearsertifikat prøvt av retten i sak om mellombels åtgjerd ved Oslo byfutembete. I vedtaket mot selskapet Cargolink AS blei vidare køyring nekta for ein lokførar på grunn av manglar ved sertifiseringa frå Cargolink. Vedtaket blei klaga både av selskapet og lokføraren.

Lokføraren meinte tilsynet sitt vedtak var ugyldig, og ba om mellombels åtgjerd til Oslo byfutembete med påstand om å få framføre tog fram til klaga var ferdig behandla.

Munnlege forhandlingar blei haldne 14. og 15. mars 2016, og rettsavgjerd blei avsagd 21. mars 2016. Retten slo fast at tilsynet hadde heimel i førarforskrifta til å tilbakekalle/inndra eit sertifikat som er skriven ut av ei jarnbaneverksemd.

Retten delte også tilsynet si oppfatning av sakas faktiske sider. Rettsavgjerda blei ikkje anka. Kravet frå lokføraren blei ikkje teke til følgje.

Ved Samferdselsdepartementets vedtak i klagesakene 15. april og 8. juni ble tilsynets vedtak opprettholdt.