Store moglegheiter med nye signalanlegg

Kapasiteten går opp og kostnader og energiforbruk går ned med ny teknologi, summerte Sverre Kjenne i Jernbaneverket på Statens jernbanetilsyn sitt morgonmøte om signalanlegg.

Publisert: 04.12.2016   Endret: 15.10.2016

Sverre Kjenne, teknologidirektør, Jernbaneverket.Sverre> Kjenne (biletet) er direktør for Signal og tele i Jernbaneverket. Han er sentral i det omfattande og langsiktige arbeidet med å innføre framtidas signalanlegg på det nasjonale jarnbanenettet – ERTMS (European Rail Traffic Management System).

Det nye signalanlegget er ei satsing i heile EU-området. Dagens mange ulike signalsystem i Europa skal erstattast av eit felles system som vil gjere det enklare for tog å krysse landegrensene. Med fullt utbygget ERTMS kan ein tilpasse kor tett og kor fort toga kan køyre i forhold til farten, bremsevna og stoppmønsteret til andre tog. Dermed vil kapasiteten på sporet utnyttast betre enn i dag.

Gode erfaringar såg langt

Jarnbaneverket er i gong med å innføre ERTMS, eit arbeid som etter planen vil vare til 2030. Erfaringane frå ERTMS-oppstarten på Østfoldbanens Østre Linje er gode, sa Sverre Kjenne på morgonmøtet. Etter nokre oppstartsproblem i haust er presisjonen no på over 90 prosent. Generelt kjem Jernbaneverket i mål med prosjekta, men ting tek tid, sa Kjenne. Arbeidet med å godkjenne utstyr er blant dei mest kompliserte og tidkrevjande oppgåvene.

Store ambisjonar for T-bana

Knut Wisthus Johansen, utviklingssjef, Infrastruktur og eigedom i Sporveien, gav tilhøyrarane på morgonmøtet ein historisk gjennomgang av T-banas utvikling sidan oppstarten med Lambertseterbanen og Grorudbanen i 1966. Med nytt signal- og sikringsanlegg for perioden 2014-2021 skal ambisjonsnivået for T-bana bli vesentleg høgare. Dagens sju tog gjennom fellestunnelen kan bli til både ni og ti om nokre år for å tilfredsstille travle reisande i ein hovudstad med stadig fleire innbyggjarar.

Internasjonale perspektiv

Senioringeniør Erik Eie i Statens jarnbanetilsyn gav ein oppdatert status om utvikling av regelverk for jarnbane i Europa med søkjelys på signalanlegg. Han tok for seg tekniske spesifikasjonar for interoperabilitet (TSI), den komande fjerde jarnbanepakken og interoperabilitetsdirektivet.

Seniorrådgivar Kåre Bøklepp i tilsynet heldt som vanleg eit innlegg om uønskte hendingar og spesielle forhold aktørane bør vere oppmerksame på for å styrkje tryggleiken på jarnbana.

Presentasjoner (PDF-filer):

Signalsystemer – erfaringer, utfordringer og muligheter
Sverre Kjenne, teknologidirektør, Jernbaneverket

Hva skal vi med CBTC-anlegg på T-banen, egentlig?
Knut Wisthus Johansen, utviklingssjef, Infrastruktur og eigedom, Sporveien

Internasjonale perspektiver – jernbanepakke 4 m.m.
Erik Eie, senioringeniør, Statens jernbanetilsyn