Sikringsforskrifta er endra

Informasjon belagt med taushet skal kunne delast med andre enn dei som i dag er direkte underlagt teieplikta.

Publisert: 13.12.2017   Endret: 18.12.2017

Statens jernbanetilsyn (SJT) sende ut eit høyringsforslag om endring av sikringsforskrifta i haust. Føremålet var å opne for at informasjon belagt med taushet skal kunne delast med andre enn dei som var direkte underlagt teieplikta i paragraf 3-4 i sikringsforskrifta, når dette er nødvendig for å oppfylle sikringsforskrifta sitt formål. Paragraf 3-4 seier at personar som arbeider for jarnbaneverksemder, tilsynsstyresmakta eller overordna styresmakt har teieplikt om informasjon som er skjerma, eller skal skjermast, etter sikringsforskrifta.

Paragraf 3-4 er endra

Sikringsforskrifta har også føresegner om dialog og deling av informasjon med eksempelvis andre jarnbaneverksemder eller tredjepartar. For å overhalde desse føresegnene kan det vere nødvendig å dele informasjon med tredjepartar som ikkje er underlagt krava om teieplikt etter paragraf 3-4.
Sikringsforskrifta § 3-4 har frå 1. januar 2018 nye føresegner i eit nytt anna og tredje ledd:
Teieplikta etter fyrste ledd er ikkje til hinder for at slik informasjon kan gis til andre når det er nødvendig for å oppfylle forskrifta sitt formål. Med dette meinest fyrst og fremst dei konkrete føresegnene. Dei som mottek slik informasjon, vil også få teieplikt.

Kommentarane til sikringsforskrifta § 3-4 vil bli oppdatert når sikringsforskrifta tre i kraft. SJT vil sende ut eit orienteringsbrev om endringa til dei rørde jarnbaneverksemdene.

Den avslutta høyringa og høyringssvar.

Orienteringsbrev til verksemdene.