Ny rettleiar om førarforskrifta

Statens jernbanetilsyn (SJT) har publisert ein rettleiar om førarforskrifta på nettsidene sine. SJT tek gjerne imot innspel som kan gjere rettleiaren enda meir relevant for brukargruppene.

Publisert: 24.01.2017   Endret: 24.01.2017

Den nye rettleiaren består av fire delar. Kvar av delane er mynta på ei av brukargruppene som førarforskrifta rettar seg mot:

  • Førarar
  • Verksemder
  • Legar/psykologar
  • Opplæringssenter med eiga godkjenning frå SJT

Tydelege krav

SJT hadde eit møte med jarnbaneverksemdene hausten 2016 og fekk innspel til arbeidet med rettleiaren om førarforskrifta. Rettleiaren som no gjeven ut er ikkje ein standard, ein opplæringsplan eller ei pensumliste, men ei nærmare forklaring av krava i førarforskrifta.

Dagens regelverk set tydelege krav til kompetanse for lokkførarar og korleis opplæring skal gjennomførast for å bli lokkførar. SJT fører kontroll med alle verksemder og bruk av lokkførarar i Noreg.

Innspel blir motteke

Rettleiaren om førarforskrifta skal vere så relevant som mogeleg for kvar av dei fire brukargruppene. Derfor mottek SJT gjerne innspel om rettleiaren. Eventuelle innspel kan sendast til Bente Mjøs.

Om nokre veker vil SJT også arrangere eit morgonmøte om førarforskrifta. Meir informasjon om dagsorden og påmelding kjem i god tid før møtet.